Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

24.12.1843 blir sokneprest Ivar Jakobsson Høyem fødd på Byneset.
24.12.1901 blir skodespelaren Tordis Elfrida Witzøe Maurstad fødd i Kristiansund.
24.12.1923 blir scenograf Snorre Tindberg fødd i Vågan.
24.12.1965 blir advokat Steinulf Tungesvik fødd i Skånevik.

All verdas språk

24. desember 1968 les menneske på ferd rundt månen frå Første Mosebok i Bibelen på engelsk: «In the beginning God created the heavens and the earth.».

Frank Borman, James Lovell og William Anders om bord på Apollo 8 utgjer den første månereisa med menneske. På den niande turen rundt Månen les dei tre astronautane kvar sine delar av vers 1–10 i skapingsforteljinga.

Dei har reist frå Jorda 21. desember, og dei kjem attende 27. desember. Det amerikanske månelandingsprosjektet frå 1961 blir etter 17 oppskytingar avslutta i 1972. Sovjetunionen prøver reelt frå 1964 å sende menneske til månen, men stoppar prosjektet i 1970.

Mannskapet om bord på Apollo 8 er dei første av til saman 24 menneske som ser heile jordkloten frå verdsrommet mellom 1968 og 1972. Då astronautane julaftan 1968 for første gong ser jordoppgangen, bryt Frank Borman ut: “Oh my God! Look at that picture over there! Here’s the Earth coming up. Wow, is that pretty.” William Anders fotograferer jordoppgangen. På den siste Apollo-ferda ser astronautane den 7. september 1972 heile jorda fullt opplyst og så godt som skyfri. Til no har berre desse tre menneska sett det same med eigne auge.

Fotografia blir kalla «The Blue Marble» og blir både eit ikon for det moderne hundreåret og for å ta vare på Jorda.

The Blue Marble. Foto: NASA. CC BY 2.0
The Blue Marble. Foto: NASA. CC BY 2.0
Sist oppdatert: 24.12.2015