Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


25.12.1868 blir redaktør og forfattar Kristofer Kristoffersen Forfang fødd i Kvam.
 
25.12.1937 blir teologen Aasulv Lande fødd i Bygland.
 
25.12.1959 blir skiskytaren Eirik Kvalfoss fødd på Voss.
 

All verdas språk

 
25. desember 1990 greier den engelske dataingeniøren Timothy John Berners-Lee med hjelp frå den belgiske ingeniøren Robert Cailliau å få til ein kommunikasjon mellom ein datatenar og ein http-protokoll ved CERN-laboratoriet i Genève, Sveits.
Kommunikasjon via Internett har vore utvikla sidan 1962, og den første e-posten er blitt send i 1969. No arbeider Berners-Lee med å utvikle systemet vidare. Målet er klart: “to link and access information of various kinds as a web of nodes in which the user can browse at will”.
Det nye kommunikasjonssystemet må ha eit namn, og Cailliau synest dei bør unngå endå eit namn som byggjer på gresk mytologi. Berners-Lee føreslår då World Wide Web, eller WorlDwidEweb, som han kalla det første programmet. Den første nettstaden blir laga av CERN og er på lufta 6. august 1991.
Sist oppdatert: 01.04.2014