Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

26.12.1884 syng kyrkjelyden i Høydalsmo annekskyrkje i Telemark utan løyve og under leiing av prost Sønke Sønnichsen Blix-salmen «No koma Guds englar i helsing med sky» og ein annan salme av Elias Blix, som då er kyrkje- og undervisningsminister. Dette er første gongen ein Blix-salme blir sungen i ei kyrkje (sjå 1.1.1885).

26.12.1934 er det premiere på den første spelefilmen med nynorsk tale, Liv etter forteljinga «Liv» av Kristofer Janson, med manus og regi ved Rasmus Breistein og med Tordis Maurstad og Alfred Maurstad i hovudrollene. Det er berre tre år sidan den første norske lydfilmen blei laga. Det var til no også laga fleire stumfilmar bygde over nynorske romanar og forteljingar. Eksteriørscenene er spelt inn i Vågå.
 

All verdas språk

26. desember 1777 døyr 102 år gamle Dolly Pentreath eller Dorothy Jeffrey.

Etter tradisjonen er ho den siste som snakkar kornisk, det gamle språket i Cornwall i England som slektar på andre keltiske språk som walisisk og irsk gælisk. Seinare har det vist seg at den siste talaren av kornisk er John Davey of Zennor. Han har lært språket av bestefar sin, som må ha døydd seinare enn Pentreath, og Zennor døyr i 1891. 

galleri

I Cornwall held kornisk lenge stand. Dei første angelsaksarane kjem dit på 600-talet, men mange hundreår seinare snakkar framleis dei aller fleste kornisk. Presset frå engelsk mot kornisk aukar, og sommaren 1549 bryt det ut opprør då reformsjsonen kjem. Book of Common Prayer, altarboka i den angelsaksiske kyrkja, ligg føre i ei førsteutgåve dette året, og styresmaktene vil erstatte den katolske liturgien på latin med ein protestantisk på engelsk. I ein første protest frå Coenwall heiter det at “we the Cornyshe men (whereof certen of us understande no Englysh) utterly refuse thys newe English". Svaret er brutalt. Minst 5500 blir drepne. Liturgien blir engelsk, og Bibelen blir aldri omsett til kornisk, slik den blir til walisisk.

Kring 1900 prøver den keltiske språkforskaren Henry Jenner å få kornisk i bruk att. Han har halde foredrag om mansk i Philological Society i London i 1875, og året etter om kornisk I 1877 oppdagar han i British Museum 42 linjer av eit skodespel på kornisk, skrive om lag 1450.

Jenner skipar i 1903 Cowethas Kelto-Kernuak, det korniske språkakademiet, og med A Handbook of the Cornish language i 1904 gir han kornisk ein ny sjanse. Det vil han gjere ved å byggje på talemålet i West Cornwall på 1700-talet. Ein student av han, Robert Morton Nance, vil derimot hente grunnlaget frå  mellomalderen. Hans Unified Cornish blir verande standarden til 1980-åra.

På kyrkjegarden i Zennor har The St Ives Old Cornwall Society sett opp ein minnestein der Zennor blir omtalt som “the last to possess any traditional considerable knowledge of the Cornish Language” saman med eit sitat frå Salomos ordtak 18,4 på kornisk: «Ein manns ord er som djupt vatn, og visdomens kjelde er ein bekk som vell fram.» Der kan likevel vere nokre kornisktalande som har døydd seinare.

Mindre delar av Bibelen blir omsette til kornisk på 1600- og 1700-talet, men ei komplett utgåve ligg først føre i 2011. Då er det åtte år sidan den engelske regjeringa ratifiserte Den europeiske pakta om region- eller minoritetsspråk for kornisk.

Situasjonen er i det heile blitt noko romslegare. Den 12. mai 2005 seier for første gong ein britisk parlamentsmedlem, Andrew George frå St. Ives, fram dronningeiden på kornisk – «Ytho Dew re’m gweressa» i staden for «God save the Queen». 

Sist oppdatert: 29.07.2019