Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


27.12.1826 blir forfattaren Engebret Hougen fødd i Sel.
 
27.12.1938 blir språkforskaren Oddvar Nes fødd.
 
27.12.1944 blir litteraturforskar og forfattar Sigrid Bø Grønstøl fødd.
 
27.12.1952 blir journalist Martin Lohne fødd i Bergen.
 

All verdas språk

27. desember 1974 døyr fiskaren Edward «Ned» Maddrell (Ned Beg Hom Ruy) på øya Man mellom Skottland og Irland.

Morsmålet hans i den vesle fiskarlandsbyen Cregneash var mansk, og han har gått for å vere den siste som frå barnsbein av talte dette keltiske språket. Han skal ha brukt språket sidan han var tre år gamal. I vaksen alder var han lenge borte frå Man, har gifta seg med ei kvinne som ikkje snakkar mansk, og i alders år har han vendt attende.

Språket utvikla seg frå 1200-talet, men frå 1600-talet auka bruken av engelsk, og i dag er dette offisielt språk på Man. Språkforskarar som nordmannen Carl Johan Sverdrup Marstrander har gjort lydopptak med Maddrell, og trebandsverket Handbook of Late Spoken Manx ligg føre, men siste ord er ikkje sagt.

Mellom vel 70 000 innbyggjarar på Man i 1950-åra er det berre to med mansk som førstespråk. Sidan 1985 har øya også hatt mansk som offisielt språk, og i seinare tid har fleire tiltak for å fremje bruken av mansk gitt resultat. I 2001 kan grunnskulen Runscoill Ghaelgagh i St. John ta imot sju elevar som alle skal lære mansk. Eit drygt tiår seinare har elevtalet auka til 70, fleire bøker er skrivne på mansk, og Scrabble-kveldar på mansk er blitt populære.

Fiskaren frå Cregneash blir ikkje den siste mansktalande, men har fått ein plass på Manx Museum i hovudstaden Douglas og er den mest namngjetne av dei alle.

Sist oppdatert: 06.06.2017