Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

28.12.1938 oppmodar målfolk samla til møte i Bergen Vestmannalaget om å skipe eit forlag som gir ut bøker i ei målform som ligg nærast råd Aasens normal. Ideen var tidlegare lagd fram av Gustav Indrebø. Året etter blir Norsk Bokreidingslag skipa.


All verdas språk

28. desember 2005 kunngjer styresmaktene i Tyrkia at tyrkiske tv-stasjonar frå neste månad har lov til å sende program på kurdisk og andre minoritetsspråk. Statskringkastinga har alt 9. juni 2004 sendt sitt første tv-program på kurdisk.
Då ein kurdisk politikar 24. februar 2009 taler på kurdisk i parlamentet for å markere ei Unesco-verdsveke for språk, stoppar den statlege kringkastingsstasjonen derimot straks sendinga frå parlamentet. Der kan framleis berre tyrkisk brukast.
I skrift har kurdisk ei historie like sidan dei heilage skriftene Meshaf Resh på 1400-talet f.Kr.
Den italienske presten Maurizio Garzoni gir i 1787 ut den første grammatikken for kurdisk i Roma. Hundre år seinare tek massespreiinga til i skrift.
Den 21. april 1898 kjem første nummer av den første avisa som er redigert på kurdisk, Kurdistan, ut i Kairo. Det meste av stoffet i avisa er skrive på ein nordkurdisk dialekt. I dag finst kurdisk i tre standardiserte former – nordkurdisk, sentralkurdisk og sørkurdisk.
Sist oppdatert: 01.04.2014