Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


29.12.1876 blir redaktør Olav Eide fødd i Hosanger.
 
29.12.1880 blir folkehøgskulestyrar Jens Dagestad fødd på Voss.
 
29.12.1886 blir bedriftsleiar Gerhard Jørgen Kjølaas fødd på Stranda.
 
29.12.1916 blir tradisjonsforskaren Andreas Ropeid fødd på Madla.
 
29.12.1947 blir forfattaren Solfrid Dolly Sivertsen fødd.

 

All verdas språk

29. desember 1937 gjeld ei ny grunnlov for Irland. Her heiter det at irsk gælisk er det første offisielle språket i Irland, og at engelsk er det andre.
Grunnlova på irsk er overordna den engelske teksten, og nokre irske ord skal brukast også på engelsk. Frå no av skal taoiseach brukast om statsministeren og tánaiste om visestatsministeren. Grunnlaget er ei folkerøysting 1. juli 1937 der 56 prosent røysta for framlegget til ny grunnlov.
 
Irsk er det einaste gæliske språket som blir brukt i ein eigen stat. Etter ein lang periode med irsk gælisk som dominerande språk, der den første boka på irsk gælisk kjem ut i 1571, har engelsk teke meir over frå 1700-talet. Irland blir eit tospråkleg samfunn, men det minkar på bruken av irsk, ikkje minst fordi det meste av språkopplæringa i skulen gjeld engelsk. Først i 1878 blir irsk godkjent som fag i dei vidaregåande skulane, og med skipinga av The Gaelic League i 1893 tek arbeidet mot anglifisering av Irland eit nytt steg.
I 1922 blir Den irske fristaten oppretta med irsk som nasjonalspråk, sjølv om få av innbyggjarane då har dette som morsmålet sitt.
 
Frå 1926 blir landet delt i ulike gaeltacht, område der irsk blir brukt. Der om lag 80 prosent eller fleire talar irsk, skal forvaltninga berre bruke irsk og skulen berre undervise i irsk. I område med minst 25 prosent irsktalande skal irsk brukast jamt meir. Områda med flest irsktalande ligg på vestkysten. Ei seinare regjering fastset 21. september 1956 grenser og regelverk og opprettar eit eige forvaltningsorgan for Gaeltacht. Som i 1926 blir fleire område inkluderte meir av politiske enn språklege grunnar, og det er med og gjer ordninga omstridd.
I 1953 ligg det føre eit framlegg til offisiell rettskriving for irsk som blir gjennomført frå 1957. Denne rettskrivinga utløyser debatt om faren for at dialektar no kan kome i klemme. Mykje folkeflytting og sentralisering gjer at på 2000-talet bur mindre enn 100 000 irar, 2 prosent, i gaeltacht-område, og dei irsktalande er no stort sett i mindretal i desse områda. Fire av ti irar seier i 2006 at dei meistrar irsk.
 

 

Sist oppdatert: 01.04.2014