Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

3.12.1904 kjem første nummeret av Gula Tidend med Johannes Lavik som redaktør. Avisa er dagsavis 1914–1940 og går inn i 1996 (sjå 27.1.1905, 1.7.1996). 

3.12.2001 er det premiere på programposten ”Radio Røynda” i Norgesglasset, NRK P1. Det som skulle vere ein adventsserie i 15 delar av Finn Tokvam, blir ein fast programpost der Halvor Folgerø og Odd-Erik Lothe etter kvart kjem med, og det som var tenkt som ein parodi på røyndoms-tv, blir rein hegemonisk hylling av den nynorske røyndomen (sjå 29.3.2005) 

3.12.2004 blir det første møtet i Forskarnettverk for nynorsk skriftkultur halde i Oslo, etter initiativ frå Ivar Aasen-instituttet.

3.12.2009 publiserer Hovdebygda soge- og velferdslag i Ørsta diktet «Voni» av Ivar Aasen i årboka si, med bakgrunnsinformasjon av Martin Furseth (sjå 22.4.1961). Den 17.12.2009 publiserer Dag og Tid diktet med nyskriven melodi av Henning Sommerro.

3.12.2016 offentleggjer samarbeidspartia H. Frp, KrF og V at dei vil løyve 1,2 millionar i driftsmidlar til Vinje-senteret. Dette er den første statsløyvinga til prosjektet. I budsjettinnstillinga frå familie og kulturkomiteen støttar også Ap prosjektet. 
 

All verdas språk

3. desember 1992 sender den 22 år gamle ingeniøren Neil Papworth i Sema Group (seinare Mavenir Systems) den første sms-meldinga i verda. Meldinga går frå pc-en hans via Vodafone GSM-nettet til Richard Jarvis i Vodadone, som har ein Orbitel 901-mobiltelefon: «Merry Christmas.»

Systemet har vore under utvikling sidan 1984. Det året utvikla Friedhelm Hillebrand frå Deutscher Bundespost med hjelp frå Bernard Ghillebaert i det franske teleselskapet PTT den første konseptskissa. Denne skissa presenterte dei på ein konferanse i Oslo i februar 1985. Tekstgrensa blei i første omgang sett til 160 teikn, fordi teleksmeldingar og postkort som regel inneheldt færre teikn enn dette.

Finn Trosby i Telenor var i åra 1987–90 leiar for standardiseringsgruppa GSM4 DGMH (drafting group message handling). Gruppa fastsette teknisk form og standard, som seinare har endra seg mykje.

I 2013 er sms den mest brukte dataapplikasjonen med 3,6 milliardar brukarar.
Sist oppdatert: 06.06.2017