Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


30.12.1912 publiserer bladet Bonden songen «Jolekveld» («Kaldt og mørkt og lite sol») av Laurits F. Hov. Anders Hove skriv melodien, som Norsk Toneblad publiserer i november 1913.
 
30.12.1942 blir journalist Sigvart Leonhard Østrem fødd i Etne.
 
30.12.1943 blir visediktaren Jahn-Arill Skogholt fødd.
 
30.12.1957 blir forfattaren Stein Versto fødd i Vinje.
 

All verdas språk

 
30. desember 1940 opnar Det kinesiske kommunistpartiet Yan’an Xinhua kringkastingsstasjon med sendingar frå Yanan.
Stasjonen skiftar seinare namn til Kina nasjonale radio, 中央人民廣播電台. Zhou Enlai, som i 1949 blir statsminister, har fått med seg ein radiosendar frå Moskva. Radiosendingar blir viktige når kommunistpartiet no skal byggje ut sin posisjon. Stasjonen sender i dag i ti kanalar og har mellom anna ein eigen kanal for sendingar på minoritetsspråk.
Kina nasjonale radio er eitt av tre statlege kringkastingsselskap i Kina.
Radio Peking blir skipa 3. desember 1941 og skiftar seinare namn til Kina internasjonale radio, 中国国际广播电台. Den sender i dag på 61 språk.
Peking fjernsyn (no Kina sentrale fjernsynsstasjon, 北京电视台) sender det første programmet 2. september 1958 etter prøvesendingar frå 1952. Denne stasjonen sender no på 22 kanalar.
I 2006 har Kina 267 radiostasjonar og 296 fjernsynsstasjonar, som alle er underlagde statsforvaltninga.
Sist oppdatert: 01.04.2014