Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


31.12.1935 melder Norsk Tidend at Bibelen på landsmål på ny er i ferd med å bli utseld. Dermed er nær 100 000 eksemplar selde sidan Bibelen blei utgitt i 1921. Eit tredje opplag blir planlagt for utgiving i 1936, men i staden kjem ei revidert utgåve i 1938 (sjå 10.7.1921, 15.7.1921, 15.4.1930 og 18.8.1938).
 
 
Les meir om bibelomsetjing
 

All verdas språk

31. desember 406 tek store folkemassar til å krysse Rhinen, som kanskje er islagd, frå aust.
Denne folkevandringa gjer sitt til at den vestlege delen av Romarriket går i oppløysing i 476 og fører til store endringar i språkbruken på det europeiske kontinentet – ikkje i vest, men i aust. Truleg kjem dei fleste over der den tyske byen Mainz ligg no.
Dei som kjem vestover, er germanske vandalar og svebarar saman med indoiranske alanarar. Gjennom dagens Frankrike vandrar desse vidare til Spania og over til Nord-Afrika, der dei frå 439 gjer Kartago i dagens Tunisia til eit maktsete ved Middelhavet. Denne kontrollen mistar dei til arabarane i 711.
Språkleg set dei germanske innvandrarane få spor etter seg vest for Elben. Samanbrotet i Romarriket fører på si side til at det som var den språklege fellesnemnaren, latin, dei neste hundreåra deler seg i ulike romanske språk.
I aust legg folkevandringa vestover vegen open for ei ny innvandring. Hunarar frå Sentral-Asia kjem på 400 talet, tek kontroll og tvangsflyttar etter kvart slaviske folk i retning Polen og Balkan. Kva språk hunarane brukte, er uvisst, og språket deira blir aldri ein viktig del av det riket dei etablerer. Frå 600-talet dominerer i staden slaviske språk det meste av dagens Aust-Europa, og der blir dei verande.
Sidan den tid har Europa vore ganske stabilt språkdelt i 1500 år: romanske språk i sør og vest, germanske sentralt og i nord, slaviske språk i nord og aust og gresk i søraust.
Sist oppdatert: 01.04.2014