Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

4.12.1904 prentar Norsk Barneblad  ”Kveldsong” (Fager kveldsol smiler), omsett frå tysk av Peter Hognestad.

4.12.2006 kunngjer Det Nye at lesarane har kåra Olaug Nilssen til Årets rollemodell. ”Eg har problem med å uttale meg om saker eg ikkje har oversikt over. Men eg synest eg er litt tøff i nynorsksaka,” seier Nilssen.4.12.2013 blir «smøyestol» kåra til det mest populære norske dialektordet i Dialektaksjonen som NRK og Språkåret 2013 har gjennomført. Ordet fekk nærmare 2000 røyster. På andreplass kom «fælom» med 625 røyster. Framlegget om «smøyestol» kom frå Aasa Gjestvang på Stange i Hedmark. Ordet tyder hempe eller løkke på reim til å smøye eller stikke enden av reima/beltet inn i. Ordet er registrert brukt mange stader i landet; Ivar Aasen heimfesta det til Hallingdal. Det kom inn framlegg til over 9000 ord i konkurransen.

 
Foto: Jens Helleland
Foto: Jens Helleland
 

4.12.2014 legg kommunalkomiteen i Stortinget fram budsjettinnstillinga si for 2015. Etter at regjeringa Solberg i sitt forslag til statsbudsjett ville stryke heile statstilskotet til Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK), gjer regjeringspartia, Kristeleg Folkeparti og Venstre no framlegg om å løyve 1,1 millionar kr til LNK. Stortinget sluttar seg til dette 9.12.

4.12.2018 vedtek Sogn og Fjordane fylkesting samrøystes å støtte arbeidet for det planlagde Nynorskhuset i Førde (sjå 2.3.2018). Som deleigar av Sogn og Fjordane Teater gir fylkeskommunen teateret lov til å gjere ein intensjonsavtale om å bli med på prosjektet. Frå før er det klart at NRK Sogn og Fjordane, Firda, NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk avissenter blir med. 

 

All verdas språk

4. desember 1995 møtest Veikko Aikio, Ilmari Mattus and Matti Morottaja i Ivalo i Finland og skipar Anarâškielâ servi (Enaresamisk språkforbund) og vel forfattaren Morottaja til første president. Føremålet er å fremje bruken av enaresamisk.

Nokre år før på den same datoen, 4. desember 1987, har 25 kvener kome til eit todagarsmøte i Alta og skipa ein organisasjon som får namnet Norske kveners forbund / Ruijan Kveeniliitto. I Noreg er den første kvenforeininga blitt skipa i Børselv 16. mars 1984.

Kvener har vandra i nordområdet i mange hundre år, og kvensk busetnad i Nord-Noreg er dokumentert frå 1520-åra. Frå tidleg 1700-tal til om lag 1820 er det særleg mange som buset seg i dei fruktbare elvedalane og fjordbotnane i Vest-Finnmark og Nord-Troms. Nordkalotten er då utan klare riksgrenser. Utover på 1800-talet buset fleire seg gjennom moderne arbeidsvandring til gruvemiljø, fiskevær og byar, no meir i Aust-Finnmark. Frå om lag 1890 minkar innvandringa og kvenmiljøa blir stabile busetnader.

Kvenske busetjarar i Lyngen på 1700/1800-talet. Kjelde: Riksarkivet.

Kvenske busetjarar i Lyngen på 1700/1800-talet. Kjelde: Riksarkivet.

Gjennom folketeljinga i 1930 registrerer styresmaktene for siste gong kvenene som eiga gruppe. Det er uråd å seie sikkert kor mange kvenske innbyggjarar Noreg har i dag. Den fornorskingspolitikken som blir ført frå midten av 1800-talet, slår med størst tyngd inn i kvenmiljkøa først i 1950- og 60-åra.

Blant dei som har dokumentert kvensk språk- og kulturtradisjon skil museumsleiaren og etnografen Samuli Paulaharju frå Austerbotten seg ut. Kvar sommar i årevis til og med 1934 reiser han saman med kona Jenny i Finland, Noreg og på Kola-halvøya, dokumenterer kvensk tradisjon og gir i alt ut 19 bøker med slikt materiale. Hovudverket er Ruijan suomalaisia (1928), der 242 kvener kjem til orde gjennom intervju.

Frå 2013 feirar kvenene i Noreg og Sverige 21. september som dagen for kvensk språk. 

Sist oppdatert: 22.02.2019