Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

6.12.1976 kjem første nummeret av Samningen ut i Samnanger med Svein Oldervoll Aadland som redaktør.

6.12.1997 skipar Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Norsk Plan Stiftinga Magasinett, som gir ut netttidsskriftet Magasinett (sjå 16.10.1996).

6.12.2007 får Jon Eikemo æresprisen på 500 000 kr frå Norsk kulturråd for å ha gjort teater til ei sak for folk flest, nå ut med kvalitetskunst til eit breitt publikum over heile landet og for å ha vist at det er mogleg å bruke sitt eige språk på scena.

6.12.2013 held journalistpraktikant Thea Idsøe avslutningstalen for Språkåret 2013 under avslutningsfesten «Året som aldri sluttar» i Ivar Aasen-tunet i Ørsta (sjå 2.1.2013 og 23.4.2014).

All verdas språk

6. desember 1917 blir Finland ein sjølvstendig stat etter å ha vore i personalunion med Russland sidan 1809.

Åland har til no vore ein del av Finland, men i 1918 skriv 96 prosent av innbyggjarane på Åland under på eit opprop om at dei vil bli ein del av Sverige. Finland svarar med å tilby Åland status som sjølvstenderegion, og Folkeforbundet vedtek dette i 1921. Samstundes må det tospråklege Finland, der finsk og svensk i prinsippet er jamstilte og likeverdige, garantere rett for innbyggjarane på Åland til å bruke svensk. Tanken er at dette også kan styrkje bruken av svensk i Finland.

Åland har eige flagg. Foto: Andriy Baranskkyy CC BY 2.0
Åland har eige flagg. Foto: Andriy Baranskkyy CC BY 2.0
Særleg i første halvdel av 1900-talet vil mange ålendingar framleis gjere Åland til ein del av Sverige. Etter kvart blir finsk meir dominerande i forvaltning og næringsliv i det vesle øyriket.
Sist oppdatert: 23.01.2017