Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

7.12.1905 blir det i alle kyrkjer halde takkefest for unionsoppløysinga. Kyrkjedepartementet har bestemt at fedrelandssalmen ”Gud signe vårt dyre fedreland” skal vere ein av salmane (sjå 13.11.1890 og 22.6.1906).

7.12.1951 blir Foreldreaksjonen mot samnorsk skipa.

7.12.1967 blir Vestlandske Teaterlag skipa i Bergen etter initiativ frå Per Håland og med Anne Gullestad som første formann. Laget skal drive teater tufta på det vestnorske språket og spreie teaterkunnskap i by og bygd, og kjem særleg til å arbeide med barneteater. 

7.12.2016 vedtek fylkestinget i Sogn og Fjordane med 19 mot 12 røyster at Sogn og Fjordane bør bli ein el av Vestlandsregionen. I punkt c heiter det: «Fylkestinget i Sogn og Fjordane føreset at Vestlandsregionen skal ha nynorsk som administrasjonsspråk. Fylkestinget i Sogn og Fjordane føreset at Vestlandsregionen gjer vedtak om at staten bruker nynorsk til regionen.»
 

All verdas språk

7. desember 1951 blir Foreldreaksjonen mot samnorsk skipa.

Seks dagar seinare, på same dagen som Stortinget med 95 mot 24 røyster vedtek å opprette Norsk språknemnd med 15 representantar for kvar av målformene, legg Foreldreaksjonen fram 92 500 underskrifter ”mot samnorsk”. Underskriftsaksjonen held fram, og 1. juni 1953 er det samla inn 407 119 underskrifter. Berre under ein lynaksjon på fem dagar i desember 1951 samlar aksjonistane inn om lag 130 000 underskrifter.

Då aksjonen blir avslutta, viser det seg at 300 av dei 400 000 underskriftene – 0,8 promille – er frå Sogn og Fjordane, medan 124 000 har adresser i Oslo.

Den 23. mai 1953 ligg første nummer av bladet Frisprog føre. Dette bladet held fram etter at aksjonen er avvikla, og siste nummeret kjem i april 1986.

Sist oppdatert: 06.06.2017