Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

8.12.1877 bruker Andreas Hølaas i ein artikkel i Fedraheimen for første gong nemninga ny-norsk om det Ivar Aasen i 1851 kalla landsmål. Forma nynorsk står i ein usignert notis to veker seinare.

8.12.1960 blir skilauparen Inger Helene Nybråten fødd.

8.12.1977 kjem første nummeret av Vaksdalnytt ut på Dale. Avisa går inn i 1987.

8.12.2009 publiserer Østfold Mållag årboka Aust i Vika som e-bok på Kindle-plattforma. Dette er truleg den første norske boka som blir tilgjengeleg hos Kindle. Årboka er redigert av Magne Aasbrenn.

8.12.2010 godkjenner styret i Det norske Bibelselskap dei nye omsetjingane av Bibelen til nynorsk og bokmål. Meir enn 30 forskarar og forfattarar har vore med, og dei nye omsetjingane blir lanserte 19.10.2011. Den førre nynorske omsetjinga av Bibelen låg føre i 1978 (sjå 10.7.1921).

Lær meir om bibelomsetjing

All verdas språk

8. desember 1832 blir den norske forfattaren og politikaren Bjørnstjerne Bjørnson fødd på Tynset.
Bjørnstjerne Bjørnson. Foto: Olaf Olsen. Ukjent årstal. Kjelde: Trondheim Byarkiv.
Bjørnstjerne Bjørnson. Foto: Olaf Olsen. Ukjent årstal. Kjelde: Trondheim Byarkiv.
Nest etter historikaren og politikaren Halvdan Koht og geologen Amund Helland har truleg ingen nordmann skrive meir enn Bjørnson. Den 17. mai 1864 blir nasjonalsongen «Ja, vi elsker» urframført.
Bjørnson er ein allsidig forfattar som skriv både prosa, drama og lyrikk og store mengder artiklar og talar, og han blir ein meiningssterk samfunnsdebattant. Frå å vere tilhengjar av ideen om landsmålet blir han mot slutten av 1800-talet den fremste og grenselaust polemiske motstandaren av denne tanken.
Som første nordmann får Bjørnson i 1903 nobelprisen i litteratur «såsom en gärd av erkännande åt hans ädla, storartade och mångsidiga skaldeverksamhet, som alltid varit utmärkt på en gång av ingivelsens friskhet och av en sällsynt själsrenhet».
Han døyr i Paris 26. oktober 1910. Då er det landsmålet han gjorde så mykje for å motarbeide, alt blitt fleirtalsspråk i folkeskulane i Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 08.12.2016