Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

9.12.1897 vedtek Det norske Bibelselskap å be om å få overta ansvaret for Samlagets landsmålsomsetjingar frå Bibelen (sjå 1889). Samlaget går med på dette under den føresetnaden at testamentet alltid skal lagerførast på landsmål.

9.12.1938 kjem første nummeret av Sogn Folkeblad ut på Leikanger med Oskar Andersen som redaktør. Siste nummeret kjem 30.11.1965. Avisa held fram som Sogn Dagblad.

9.12.2014 godkjenner Lom kommunestyre samrøystes ein intensjonsavtale med Nynorsk utursentrum om å etablere Diktarhuset i Lom. Kommunestyret løyver samstundes 200 000 kr til eit utviklingsprosjekt som følgjer opp intensjonsavtalen.

 

All verdas språk

9. desember 1962 blir Tanganyika sjølvstendig stat. Berre to år seinare blir Zanzibar ein del av staten, som seinare i 1964 skiftar namn til Tanzania.

Tyskland kunngjorde 3. mars 1885 at landet ville etablere eit tysk protektorat i Aust-Afrika, og området som blei Tanzania, var ein del av dette protektoratet. Det tyske regimet ønskte då å etablere swahili som landsspråk.

Swahili er eitt av få urfolksspråk i Afrika som utvikla ein viss skrifttradisjon før kolonitida. Swahili er avleidd frå eit arabisk ord sawahil som tyder ‘kystar’, og arabisk var eit ganske utbreidd handelsspråk i Aust-Afrika frå 1100-talet. Swahili tente som eit lingua franca særleg på kysten ved Zanzibar. Arabisk pregar språket sterkt. I ordbøker for swahili kan så mykje som halvparten av ordforrådet skrive seg frå arabisk.

Det tyske protektoratet kom under engelsk styre i 1922 og blei styrt av Dei sameinte nasjonane frå 1946. I denne tida vann engelsk fram som eit mykje brukt språk. Tanzania gjer i 1984 swahili til nasjonalt og offisielt språk, og engelsk til offisielt språk.

Swahili skal brukast i grunnskulen, engelsk i vidaregåande skule, høgare utdanning og i rettsvesenet. Landet har fått støtte frå England for å fremje bruken av engelsk, men språket blir likevel brukt mindre enn før. I eit land med godt over 100 urfolksspråk blir swahili jamt meir brukt som lingua franca mellom gruppene.

Sist oppdatert: 06.06.2017