Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

1.2.1929 vedtek Odelstinget i lov om lærarskulen med 45 mot 34 røyster at ”nynorsk” og ”bokmål” skal vere dei offisielle namna på målformene. Etter fleire voteringar i Lagtinget 21.2. blir odelstingvedtaket ståande.
 
1.2.1934 tek Karl C. Lyche til som første nynorsktalande hallomannen i NRK.
 
1.2.1947 opnar Det Norske Teatret ein toårig teaterskule med 15 elevar i første kullet, og med Gisle Straume som første styraren.
 
1.2.1972 konstituerer Norsk språkråd seg med Johs. Aanderaa som første formann (sjå 9.6.1971, 21.8.2003).
 
1.2.2006 døyper VG kultursidene ”Bevegelser” om til ”Rørsler” med eit tosiders oppslag på nynorsk om boka Viljen til språk av Ottar Grepstad, som Det Norske Samlaget gir ut denne dagen.

1.2.2017 tek Per Magnus Finnanger Sandsmark til som redaktør i Allkunne. Sandsmark vart tilsett 30.8.2016. Lødemel som var konstituert redaktør til og med 31.1.2017 går attende til stillinga som redaksjonssekretær. 

1.2.2018 legg Vinje kommune fram program, mål og strategi for Vinje-jubileet 2018. Så langt er om lag 200 arrangement planlagde. Vinjesenteret.no er den offisielle nettstaden for jubileet, og jubileumslogoen er laga av byrået Tank (sjå 28.8.2014). 

 

All verdas språk

1. februar 1929 vedtek Odelstinget i lov om lærarskulen med 45 mot 34 røyster at nynorsk og bokmål skal vere dei offisielle namna på dei to norske språka. Etter fleire voteringar i Lagtinget 21. februar blir odelstingvedtaket ståande.

Ivar Aasen var den første som brukte nemninga landsmål, i eit brev til Olaus Vullum 2. oktober 1849, og i ei tyding svarande til landsmål brukte historikaren P.A. Munch nemninga nynorsk i Morgenbladet 24. april 1853. 

Nemninga bokmål blei mellom anna brukt i landsskulelova av 1889. Uttrykket riksmål blir teke i bruk av Bjørnstjerne Bjørnson og andre frå 1899, og  i lovverk frå 1907. Då Lagtinget i 1929 handsamar lærarskulelova, røystar 18 mot og 18 for å bruke nemninga dansk-norsk i staden for bokmål. Då røystar også 22 mot og 13 for nemninga riksmål om bokmål. 

Frå 1906 tek norske parti til å programfeste meiningar om språkpolitikk. Venstre er  flest gonger først ute med å bruke nye språkpolitiske omgrep: bokmålfolkemållandsmålmålformnynorsksamnorsk og sidemål. Høgre kjem først med orda riksmålsamisk og kvensk.

 Arbeidarpartiet styrer mykje i norsk politikk utover på 1900-talet, men er språkpolitikken berre først ute med ordet morsmål. Frå 1980-åra skiftar det ordet tyding og blir no mest brukt om språka til innvandrarar.

Sist oppdatert: 22.02.2019