Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

10.2.1921 skriv Peter Hognestad, Anders Hovden og Bernt A. Støylen avtale med Det Norske Samlaget om å lage Nynorsk Salmebok (sjå 3.2.1925).
 
10.2.1930 avviser Lagtinget vedtaket i Odelstinget frå 5.2. om bynamnet Trondhjem (sjå 5.2.1930, 18.2.1930, 28.2.1930, 6.3.1931).
 

All verdas språk

10. februar 1787 vedtek Svenska Akademien å setje i gang arbeidet med ei stor ordbok over det svenske språket etter 1521.

Førebiletet er den franske ordboka Dictionnaire de l'Académie française frå 1694. Det tek over 100 år med mange forsøk før første heftet ligg føre i 1893. Første band er ferdig i 1898, og band 35 kjem i 2007. Så langt inneheld ordboka om lag 466 000 oppslagsord og er med det ei av dei største ordbøkene i verda.

Svenska Akademiens Ordbok er ei etymologisk ordbok. Grunnlagsmaterialet er 9 millionar ordsetlar med utdrag frå meir enn 21 000 skriftlege kjelder. Verket skulle etter planen vere komplett i 2017, men i juli 2018 har redaksjonen gjort ferdig ordet vreteskatt, jordlapp. No er planen å bli ferdig i 2024. Då tek arbeidet til med å oppdatere og revidere det.

Svenska Akademien blei oppretta av kong Gustav III 20. mars 1786. Han kunngjorde då eit «Samhälle af Aderton Herrar ock Män, till Svenska Språkets stadgande ock upodlande, samt till öfning för Vältaligheten ock Svenska skaldekonsten: Hvilcket Samhälle skall nu ock evärdeligen bära namn af Svenska Academien». Dette har 18 medlemer, og det er dei som nesten kvart år sidan 1901 har delt ut Nobelprisen i litteratur.

Sist oppdatert: 22.02.2019