Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

11.2.1935 vedtek Odelstinget med 56 mot 42 røyster i lov om høgare allmennskular, dvs. realskule og gymnas, at ”i norsk i realskolen skal elevene få oplæring også i den målform som ikke er skolens hovudmål”. Dette inneber undervisning i skriftleg sidemål i realskulen, slik det har vore i gymnaset sidan 1912 (sjå 23.4.1907).

11.2.2009 melder TV2 at programvara Facebook er komplett omsett til nynorsk som Fjesboka. Om lag 1500 personar har i eit drygt halvår vore med i den store omsetjingsdugnaden. Med denne omsetjinga blir nynorsk eit av dei 35 første facebook-språka i heile verda, seier leiar Jens Kihl i Norsk Målungdom i ein kommentar til TV2.

11.2.2015 tek Allkunne over Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane frå NRK Sogn og Fjordane med om lag 7000 artiklar og 14 000 illustrasjonar. Leksikonet har vore utgitt av NRK Sogn og Fjordane sidan 2001 med Ottar Starheim som drivkraft (sjå 20.10.2009).

All verdas språk

11. februar 1958 vedtek den nasjonale folkekongressen i Kina skriftsystemet hanyu pinyin for omforming av kinesiske teikn til latinsk skrift. Hanyu tyder språket til han-folket, den største etniske folkegruppa i Kina og dermed i verda, og pinyin tyder ‘stava lyd’.

Kinesisk har då truleg vore skriftspråk i om lag 4000 år og hatt eit standardisert system av skriftteikn fastsett av keisar Qin Shi Huangdi på 200-talet f.Kr. Langt på veg samla han Kina til eitt rike, og ei sterk sentralmakt i skiftande former har hatt mykje å seie for einskapen i språket, som i svært liten grad har vore brukt utanfor det kinesiske territoriet.

I 1920-åra blir klassisk kinesisk erstatta med Beijing-dialekten mandarin som offisielt kinesisk språk.

Skriftsystemet frå 1958 er utvikla av Komiteen for reformering av det kinesiske skriftspråket under leiing av den kinesiske språkforskaren Zhou Youguang. I 1921 innførte kinesiske styresmakter zhuyin-alfabetet for omforming av kinesiske teikn. Først no blir det viktig for styresmaktene å spreie skriftkunna til allmenta. Det nye alfabetet er fonetisk og ikkje basert på latinsk skrift. Fleire seinare forsøk på å lage andre alfabet har vore mislykka. Komiteen er blitt oppnemnd i 1954 og la fram eit første forslag 12. februar 1956. Det nye alfabetet gjer det lettare å lære mandarin, som sju av ti kinesarar no bruker.

I 2001 vedtek den kinesiske regjeringa ei allmenn språklov som sikrar det juridiske grunnlaget for bruken av pinyin. Alfabetet blir justert fleire gonger, og det får offisiell status på Taiwan frå 1. januar 2009. Seinare seier Zhou: “I’m not the father of pinyin. I’m the son of pinyin. It’s [the result of] a long tradition from the later years of the Qing dynasty down to today. But we restudied the problem and revisited it and made it more perfect.”

Chinese Character Museum om kinesisk skriftspråk blei opna i Anyang i 2009.

Sist oppdatert: 08.02.2018