Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


12.2.1890 får Ivar Aasen i hende den samla utgåva av Det nye Testamente på landsmål (sjå 17.6.1881).
 
12.2.1925 vedtek styret i Møre fylkes ruteselskap mot to røyster at skiltinga om bord i båtane skal vere på nynorsk, og at rutehefte m.m. skal kome på nynorsk etter kvart.
 

All verdas språk

12. februar 1920 går den første radiosendinga på lufta i Noreg.
Norsk Marconicompagni er blitt skipa to år før og sender no til den norske handelsflåten. Frå Horten kan frammøtte på Akershus festning i Oslo høyre Hermod Petersen seie: «Hallo, hallo!»
Mange har vore med og utvikla teknologien for radio, men mest ære blir gjerne tilskriven den italienske fysikaren Guglielmo Marconi, som i 1909 får nobelprisen i fysikk. Marconi tok i 1895 til å eksperimentere med det som seinare blei grunnlaget for radiosendingar. Alt to år før har derimot den serbiske fysikaren Nikola Tesla gjennomført slike eksperiment i Missouri, USA. Den første ordinære radiosendinga stod Reginald Fessenden for i Massachusetts 24. desember 1906.
I Noreg har Kristiania Broadcasting si første sending 23. februar 1923, og 29. april 1925 får Kringkastingsselskapet konsesjon til radiosendingar på Austlandet. Etter kvart kjem fleire selskap til, før Stortinget i 1933 vedtek å opprette Norsk rikskringkasting. I lova for selskapet heiter det at nynorsk og bokmål skal vere jamstilte språk i sendingane.
Sist oppdatert: 12.02.2019