Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


13.2.1925 fastset regjeringa Mowinckel at fylkesmennene skal svare på landsmål når dei har fått brev på landsmål.

13.2. syng Per Asplin og Ivar Medaas «Jenteord» med tekst av Lasse Beitan og melodi av Kristian Hauger i den norske finalen i Melodi Grand Prix. Det er første gongen ein song i denne songkonkurransen er på nynorsk. Fem songar er med i finalen, og «Jenteord» kjem på fjerdeplass.

13.2.2004 vinn rapgruppa Side Brok frå Hovdebygda på Sunnmøre prisen ”Årets urørt” på Bylarm-festivalen i Bergen. Dei får heile 62 % av røystene.

13.2.2008 vedtek Oslo bystyre mot røystene til Høgre, FrP og ei røyst frå KrF å be byrådet ”iverksette tiltak for å styrke norskopplæringen i videregående skole med særlig vekt på utvikling og fornyelse av undervisningen i sidemål”. Det forsøket som blei innført i 2004, er med dette avslutta (sjå 6.9.2004).

13.2.2008 gir for første gong Arbeidsretten ein dom på nynorsk. LO og Fagforbundet får medhald i ei sak mot Hornindal kommune. Dommen er skriven av Jon Gisle.

13.2.2016 publiserer VG Nett for første gong ei toppsak på nynorsk. Saka er at prinsesse Ingrid Alexandra ikkje lærer nynorsk i barneskulen. Journalisten er Frank Ertresvåg. Saka blir også trykt i papirutgåva måndag 15.2. 


All verdas språk

13. februar 1962 held den walisiske diktaren og aktivisten Saunders Lewis ein tale i BBC Welsh Region som han kallar «Tynged yr Iaith» (Lagnaden for språket). Der åtvarar han om han at walisisk kjem til å gå ut av bruk viss ikkje noko blir gjort, og han hevdar at styresmaktene ønskjer at språket skal forsvinne.

Dette har Lewis meint lenge. Den 5. august 1925 var han med og skipa partiet Plaid Cymru for å fremje walisisk språk og kultur. I 1936 sett han saman med andre fyr på ein Royal Air Force-skule for bombejegerar i Penyberth. Dei melder seg straks for politiet. Under rettssaka erklærer dei seg ikkje skuldige, på walisisk. Domaren krev at dei snakkar engelsk og dømer dei til fengsel i ni månader.

Talen i 1962 får raskt andre konsekvensar. Det walisiske språkakademiet Cymdeithas yr Iaith Gymraeg blir skipa 4. august 1962 – dei møtest første gongen 18. mai 1963, og akademiet gjennomfører mange aksjonar dei neste tiåra. Ved eit høve skriv Lewis: «Civilization is more than an abstraction. It must have a local habitation and name. Here its name is Wales.» I 1978 opnar eit senter for undervisning i walisisk i Penyberth, der han blei dømd i 1936.
Sist oppdatert: 05.07.2017