Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

4.2.1885 fremjar 41 stortingsrepresentantar med Niels Juel, Lars Liestøl og H.E. Berner i spissen følgjande framlegg: «Storthinget ynskjer, at Regjeringi vil sjaa til kva som best kann gjerast for at det norske Folkemaalet, i dei Maatar, som i dette Brevet er innmeldt, kann faa full Rett og Fridom jamsides med Bokmaalet». Representantane kjem frå alle fylke unnateke Vestfold, Troms og Finnmark.

14.2.1878 oppmodar 36 stortingsrepresentantar Stortinget om å slå fast at undervisninga i allmugeskulen «saavidt muligt meddeles paa Børnenes eget Talemaal» (sjå 14.5.1878, 8.8.1879). Bakgrunnen var eit krav om dette frå innbyggjarar i Bygland i Setesdal og reaksjonar på utsegner frå skuledirektøren i Trøndelag, Jacob Aall Bonnevie, året før.

14.2.1946 kjem første nummeret av Sykkylvsbladet ut i Sykkylven med Johan Drabløs og Øystein Eliassen som redaktørar.

14.2.2011 kårar Dagbladet.no Stavanger-dialekten til den mest sjarmerande i landet. Av om lag 29 000 røyster rangerer 7414 eller 25 % Stavanger-dialekten på topp, før Kristiansand-dialekten med 2211 røyster eller 7 %. 3632 personar eller 12 % meiner Bergens-dialekten er den minst sjarmerande (sjå 15.8.2005).

 

All verdas språk

14. februar 842 møtest brørne Ludvig den tyske og Karl den skalla i Strasbourg.

Dei er søner av Ludvig den fromme, og no vil dei saman føre krig mot broren Lothar, slik at dei kan dele riket etter bestefaren Karl den store mellom seg. Framfor hærane sine gjer dei eid på dette. Ludvig seier fram eiden på gamalfransk (romana lingua) for at soldatane hans skal forstå kva han seier, og Karl gjer det på gamalhøgtysk (teudisca lingua) av same grunn, med desse opningsorda: «in godes minna ind in thes christianes folches ind in unser bedhero gehaltbnissi».

Desse såkalla Strasbourg-eidane er skriftfesta av Nithard i Historiarum Libri IV. Den eldste avskrifta er frå det 10. eller 11. hundreåret. Fram til 800-talet har det vore uvanleg å skriftfeste anna enn korrekt latin, og her blir det brått skrive slik som det blir sagt.

Bakgrunnen er at mot slutten av 700-talet er det blitt nødvendig å etablere ein standarduttale for latin. Den blir forma av Alkuin av Tours, ein lærd engelskmann som Karl den store hentar til sitt hoff i Aachen i 782. Tidlegare har ulike folkegrupper snakka latin med sine aksentar. No oppstår ein aukande avstand mellom folkeleg tale og skriven latin, og det blir nødvendig å skrive ned det som blir sagt på folkemål. Det er det som i eit tidleg tilfelle blir gjort i 842.

Alkuin løyser ikkje problemet med den avstanden mellom tale og skrift som gjer at lekfolk ikkje lengre kan forstå prestar og anna øvrigheit. Eit kyrkjekonsil i Tours i 813 vedtek difor at prestane må preike på språk som folk forstår, og eit tilsvarande konsil i Mainz gjer det same i 847.

Latin mistar etter kvart rolla som lingua franca i kyrkja og er på veg til å bli delt i fleire romanske språk, som italiensk, fransk, oksitansk, katalansk, spansk og portugisisk.  

Sist oppdatert: 26.02.2019