Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

15.2.1924 godkjenner Kyrkjedepartementet endeleg den reviderte utgåva av Landstads salmebok frå 1869 (sjå 16.2.1869). I eit utkast frå 1920 var 709 salmar på riksmål og 155 på landsmål (sjå 8.10.1920). Etter sterke reaksjonar arbeidde ein komité med skiftande leiarar med saka i fleire år, og det endelege utvalet er 686 salmar på riksmål og 200 på landsmål.

15.2.1965 får Tarjei Vesaas Nordisk Råds litteraturpris for romanen Isslottet, utgitt på Gyldendal Norsk Forlag (sjå 19.2.1978 og 27.10.2015).

15.2.1988 har Hordaland Teater premiere på første stykket sitt, Kikki Klovn av Jan Erik Christensen (sjå 25.11.198526.5.1988).

All verdas språk

15. februar 1988 har Hordaland Teater på Stend i Bergen premiere på første stykket sitt, Kikki Klovn av Jan Erik Christensen.

Teateret er blitt skipa 25. november 1985 av Hordaland fylkeskommune og Vestlandske Teaterlag. I 1987 utvidar fylkeskommunen sin del av aksjekapitalen og overfører dei nye aksjane til Hordaland Mållag, Hordaland Ungdomslag, Hardanger Ungdomslag, Hordaland Folkeopplysningsråd og Folkeakademi, og Hordaland Studiesamnemnd. Første styreformannen er Simon Kringnes, og Anne Gullestad er første teatersjefen.

Ho kjem frå stillinga som teatersjef ved Sogn og Fjordane Teater i Førde. Dette teateret opna 28. oktober 1977 med framsyninga Dei siste maksveringar av Rolf Losnegård. Fram til 1980 er teateret allmøtestyrt, så tek Gullestad over.

Sogn og Fjordane Teater blir med åra ei viktig allmenn scene for teater på nynorsk, og Hordaland Teater blir det første institusjonsteateret i Noreg for barne- og ungdomsteater. Med basar i Bergen og Førde har dei to teatera ved utgangen av 2012 spela over 14 000 framsyningar, på nynorsk og dialekt. I tillegg til vanlege turnear bruker teatera den ombygde bilferja «Innvik» som teaterbåt i åra 1982–2000.

Etter mange år med scene i Fana flyttar Hordaland Teater i 2017 inn til Bergen sentrum og opnar si nye scene i teaterhuset Logen 29. september 2017. Planen er at dette med tida ska bli Nynorskhuset i Bergen.  

Sist oppdatert: 22.02.2019