Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

16.2.1869 godkjenner Kyrkjedepartementet Magnus Brostrup Landstads Kirke-salmebog med 634 salmar, alle på dansk (sjå 23.3.1869).

16.2.1912 går regjeringa Konow av som følgje av usemje om landsmålet (sjå 28.1.1912).

16.2.1946 kjem første nummeret av Songa ut i Lunde med S. Liestøl som redaktør. Siste nummeret kjem 30.6.1950. Avisa held fram som Ulefoss Avis.

16.2.1983 gir Postverket ut dei første frimerka med både NOREG og NORGE.

16.2. 2014 vedtek kommunestyret i Vinje kommune med 24 røyster mot 1 røyst ein intensjonsavtale med Nynorsk kultursentrum om å utvikle eit Vinje-senter for dikting, journalistikk og språkleg mangfald til 200-årsjubileet for A.O. Vinje i 2018. Styret i Nynorsk kultursentrum godkjende avtalen 5.12.2013.

16.2.2015 gir Hermon Forlag ut Det nye testamentet med Salmane i ny omsetjing til nynorsk av Norvald Yri, tidlegare misjonær i Norsk Luthersk Misjonssamband (sjå 19.10.2011).


All verdas språk
Remington Standard Typewriter No.12 . Foto: Therese Wium Jakobsen CCBY 2.0

Remington Standard Typewriter No.12 . Foto: Therese Wium Jakobsen CCBY 2.0

16. februar 1882 hyllar den tyske filosofen Friedrich Nietzsche skrivemaskinen i eit dikt: «Schreibkugel ist ein Ding gleich mir von Eisen / Und doch leicht zu verdreh'n zumal auf Reisen. / Geduld und Takt muss reichlich man besitzen / Und feine Fingerchen, uns zu benützen.»

Den såkalla skrivekula er ei oppfinning frå 1865 av den danske presten Hans Rasmus Johann Malling-Hansen ved døvstuminstituttet i København. Dette er den første skrivemaskinen som blir serieprodusert, og den er i sal frå 1870.

Det som kan reknast som den første skrivemaskinen, skriv seg frå den tyske oppfinnaren Karl Freiherr von Drais. Til sin blinde far laga han i 1821 ein skrivemaskin med ein tast for kvar bokstav. Den første skrivemaskinen med fargeband lagar den italienske oppfinnaren Giuseppe Ravizza i 1855.

Gjennombrotet for skrivemaskinen kjem med den masseproduserte Sholes & Glidden Typewriter som den amerikanske våpenprodusenten Remington Arms har i sal frå 1. juli 1874.

Det første bokmanuskriptet skrive på skrivemaskin er Life on the Mississippi av Mark Twain i 1883. 

Sist oppdatert: 22.02.2019