Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

17.2.1975 opnar Norsk Målungdom den første landsomfattande dialektaksjonen, som varer til 22.2.
 
17.2.1986 gir Det Norske Samlaget ut Nynorskordboka, redigert av Marit Hovdenak o. fl. Dette er eit biprodukt av arbeidet med Norsk Ordbok.
 
17.2.2005 gir Sandnes tingrett Noregs Mållag rett i at Sandnes kommune inntil vidare ikkje kan blande bokmåls- og nynorskelevar i same klassen viss foreldra ikkje ønskjer det. Kommunen gjorde dette ved tre skular frå hausten 2004. Sandnes kommune ankar saka til Gulating lagmannsrett (sjå 23.5.2005 og 24.6.2005).
 
17.2.2011 blir band IX av Norsk Ordbok, ramost – skodda, gitt ut av Det Norske Samlaget. Hovudredaktørar er Oddrun Grønvik, Lars S. Vikør og Dagfinn Worren. Bandet er redigert av Olaf Almenningen, Anneke Askeland, Sturla Berg-Olsen, Kristine G. Eide, Eli Johanne Ellingsve, Øyalf Endresen, Anne Engø, Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Kjetil Gundersen, Madeleine Halmøy, Hilde C.F. Haug, Hege Fjeldseth Hellum, Tor Erik Jenstad, Knut E. Karlsen, Astrid Nilsen-Nygaard, Børge Nordbø, Åshild Næss, Toril Opsahl, Solveig Helene Rekdal, Ålov Synnøve Runde, Dagfinn Rødningen, Kari-Anne Selvik, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Ellen Hellebostad Toft, Lars S. Vikør, Åse Wetås, Gunnhild Wiggen, Solveig Wikstrøm, Dagfinn Worren, Ingjerd Lægreid Ødemark, Leiv Inge Aa, Gunhild Aamodt.

All verdas språk

 
17. februar 2008 erklærer parlamentet i Kosovo at Kosovo er ein sjølvstendig stat etter å ha vore ein del av Serbia sidan 1913.
Status for dette vedtaket er det framleis internasjonal usemje om. Då SN 10. juni 1999 etablerte sin mellombelse administrasjon etter krigen som NATO hadde opna 24. mars same året, blei engelsk for ei tid einerådande i forvaltninga. Albansk og serbisk er offisielle språk i Kosovo, der mange også bruker tyrkisk, romanés, bosnisk, kroatisk eller montenegrinsk.
Dei fleste i Kosovo taler albansk gheg. Det inneber at avstanden er ganske stor mellom munnleg og skriftleg språk for dei fleste.
 
Sist oppdatert: 27.01.2014