Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

18.2.1930 stadfestar Odelstinget vedtaket frå 5.2. om bynamnet Trondhjem. På ny avviser Lagtinget vedtaket (sjå 5.2.1930, 10.2.1930, 28.2.1930, 6.3.1931).

18.2.2003 blir Stiftinga målROCK skipa for å arrangere ein årleg målrockfestival i Årdal. Stiftinga skal arbeide for å fremje rock og andre kunstformer på dialekt og nynorsk. Festivalen blir arrangert for første gong i august same året.

All verdas språk

18. februar 2012 røystar 75 prosent av innbyggjarane i Latvia mot at russisk skal bli forvaltningsspråk ved sida av latvisk. Om lag 1,5 millionar menneske har røysterett, og 70 prosent bruker retten. 

Russisk blir talt av om lag 37 prosent av innbyggjarane, men mange av dei har ikkje statsborgarlege rettar som gir dei røysterett.

Latvisk blei offisielt språk då republikken Latvia blei etablert 18. november 1918, men var under sterkt press frå russisk i perioden 1945–91 då Latvia var ein del av Sovjetunionen. I skulen er latvisk opplæringsspråk for alle i tillegg til eit eventuelt anna morsmål.

Latvisk og litauisk var lenge eitt språk, men frå 800-talet tek etter kvart dialektskilnader form som også fører til at det eine språket blir to, og dei to språka er ikkje gjensidig forståelege i dag. Det eldste dokumentet på latvisk er ei hymne omsett i 1530. Den politiske tyngda i arbeidet for latvisk skriftspråk aukar frå midten av 1800-talet, mest i regi av ei gruppe som blir kalla Dei unge latviarane.

Ein av desse er filologen og forfattaren Juris Alunāns (Gustavs Georgs Frīdrihs Alunāns), Han publiserer mellom anna Dziesmiņas latviešu valodai pārtulkotas (Små songar omsette til latvisk) i 1856, den første større omsetjinga av poesi til latvisk. Han er også med og gir ut den radikale avisa Pēterburgas Avīzes i St. Petersburg frå 1862.

Juris Alunāns var fødd 13. mai 1832 og blei 32 år gamal. Latvia feirar no dette som nasjonaldagen for latvisk språk.

Sist oppdatert: 07.06.2017