Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

19.2.1855 skriv Ivar Aasen for første gong eit brev på sunnmørsdialekt, til Maurits R. Aarflot i Volda (sjå 1.8.1856 og 23.9.1861).

19.2.1978 får Kjartan Fløgstad Nordisk Råds litteraturpris for romanen Dalen Portland, utgitt på Det Norske Samlaget året før. Fløgstad gir prisen til skulemålsarbeidet i Noregs Mållag. (Sjå 15.2.1965 og 27.10.2015).

19.2.2009 vedtek styret i Språkrådet med fem mot to røyster at «det er fullt mulig å utforme en statlig støttepolitikk også for aviser – og som ivaretar hensynet til nynorsk – uten å røre ved den redaksjonelle uavhengigheten». Vedtaket er ei oppfølging av ein debatt som styremedlem Tor Fuglevik har utløyst (sjå 19.1.2009). Styrefleirtalet vil stille dei same krava om redaksjonell bruk av nynorsk i riksdekkjande papir- og nettaviser som til privatåtte, konsesjonsstyrte radio- og fjernsynskanalar: «Samtidig anbefaler Språkrådet at det utredes egne støtteordninger som målrettet kan styrke nynorsk avisutgiving og legge grunnlaget for flere nynorske dagsaviser». Sjefredaktør Bernt Olufsen seier i ein debatt i NRK1 25.2. at «det kan godt hende det her vil skje en naturlig utvikling i mange norske medier». I ein kommentar 4.3. skriv redaktør Per Anders Madssen: «Språket i en avis som Aftenposten står ikke stille, det har gjennomgått en markant utvikling gjennom en årrekke. Og – kanskje – vil mer bruk av nynorsk, også på nyhetssidene, kunne ligge i forlengelsen av denne utviklingen.»

19.2.2009 blir Eirik Helleve tilsett som dagleg leiar i Allkunne AS frå 1.4. Han har kontor på Voss (sjå 20.8.2008). Han vert avløyst av Audhild Gregoriusdotter Rotevatn august 2010.

19.2.2015 blir bloggen Utetid av Ingebjørg Nondal frå Odda kåra til den beste bloggen på nynorsk. Bak kåringa står Framtida.no, Norsk Målungdom og Noregs Mållag, og ein jury har kvar veke frå 2014 framheva ein blogg. 12 av desse gjekk vidare til finalen.

All verdas språk

19. februar 1966 vinn Bjørn Wirkola hopprennet i normalbakke under VM på ski i Oslo. Dieter Neuendorf frå Deutsche Demokratische Republik (DDR) blir nummer 2.

Neuendorf vann Holmenkollrennet i 1965, og før hopprennet i stor bakke nokre dagar seinare blir han spurd kva sjansen er for at han skal vinne. Neuendorf skal ha svara at det ikkje blir lett å hoppe etter Wirkola.

Det viste seg å stemme. Han fekk ikkje medalje i stor bakke, men skapte eit uttrykk som gjekk inn i sportsjournalistikken og ut i kvardagsspråket. Etter 1966 har difor mange hoppa etter Wirkola. Kven som hoppa før, seier historia ikkje noko om.

Bjørn Wirkola etter hopprennet i stor bakke under VM på ski i Oslo i 1966. Bjørn Wirkola tok gull både i normalbakke og stor bakke. Foto: Billedbladet NÅ/van Deurs, kjelde: Riksarkivet, Flickr.com. Ingen kjende restriksjonar / falle i det fri.

Bjørn Wirkola etter hopprennet i stor bakke under VM på ski i Oslo i 1966. Bjørn Wirkola tok gull både i normalbakke og stor bakke. Foto: Billedbladet NÅ/van Deurs, kjelde: Riksarkivet, Flickr.com. Ingen kjende restriksjonar / falle i det fri.  


Sist oppdatert: 01.03.2018