Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

2.2.1842 blir lærebokforfattar Jonas Vellesen fødd i Bjerkreim.

2.2.1922 kjem første nummeret av Austland ut på Lillehammer med Aksel Hattestad som redaktør. Avisa er eit framhald av Bonden (sjå 9.7.1909). Siste nummeret kjem 28.7.1965. 

2.2.2011 blir tidlegare forlagssjef i Samlaget, Audun Heskestad, slått til riddar av 1. klasse av St. Olavs orden for sin innsats for nynorsk skriftkultur.

 

All verdas språk

2. februar 1786 held den engelske vitskapsmannen og orientalisten William Jones sitt tredje årlege foredrag i Asiatick Society of Bengal i Calcutta. Der peikar han på det som seinare blir grunnlaget for samanliknande språkvitskap. Han har kome til India tre år tidlegare og stifta Asiatick Society året etter. No oppsummerer han sin viktigaste observasjon:

«The Sanscrit language, whatever be its antiquity, is of a wonderful structure; more perfect than the Greek, more copious than the Latin, and more exquisitely refined than either, yet bearing to both of them a stronger affinity, both in the roots of verbs, and in the forms of grammar, than could possibly have been produced by accident; so strong indeed, that no philologer could examine them all three, without believing them to have sprung from some common source, which, perhaps, no longer exists; there is a similar reason, though not quite so forcible, for supposing that both the Gothic and the Celtic, though blended with a very different idiom, had the same origin with the Sanscrit; and the old Persian might be added to the same family.»

Foredraget blir prenta to år seinare og gir grunnlaget for klassifiseringa av indoeuropeiske språk, men Jones er ikkje den første som ser dette. Alt i 1647 påviste nederlendaren Marcus Zuerius van Boxhorn likskapar mellom mange europeiske og asiatiske språk. Det gjorde også den franske jesuitten Gaston-Laurent Coeurdoux, som budde heile livet i India, i eit skriv til Det franske vitskapsakademiet i 1767.

Indoeuropeisk er med klar margin den største språkfamilien i verda. Der er ti hovudgreiner, og alle ti er representerte i Europa. Korleis desse språka vandra vestover, er det to hovudteoriar om, og den eldste står sterkast.

Den litauiske antropologen Marija Gimbutas gir i 1956 ut The Prehistory of Eastern Europe. Part I: Mesolithic, Neolithic and Copper Age Cultures in Russia and the Baltic Area som inneheld den såkalla Kurgan-hypotesen. Ho kombinerer studiar av særmerkte gravhaugar (russisk Kurgan = gravhaug) i Aust-Europa med lingvistikk. Hypotesen er at dei tidlege brukarane av indoeuropeiske språk for om lag 6000 år sidan vandra vestover frå den pontisk-kaspiske steppa nord for Svartehavet og aust mot Det kaspiske havet, i dag Ukraina og Sør-Russland.

Den britiske antropologen Colin Renfrew er den fremste talsmannen for den andre teorien. I avhandlinga Archaeology and Language: The Puzzle of the Indo-European Origins hevdar han i 1987 at dei tidlege indoeuropearane spreidde seg frå Anatolia til Hellas og vidare til Sør-Europa saman med utbreiinga av jordbruket for 8000–9500 år sidan, medan andre vandra langs elvedalane til Donau og Rhinen inn i Sentral- og Nord-Europa.

Sist oppdatert: 26.02.2019