Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 

20.2.1985 kjem første nummeret av Norsk Tidend, eit nytt felles bladtiltak for Noregs Mållag, Norsk Målungdom og Kringkastingsringen, og ei vidareføring av Riksutgåva som ei tid var blitt utgitt i samarbeid med Gula Tidend.
 
20.2.2007 presenterer Microsoft heile operativsystemet Windows XP på nynorsk (sjå 19.11.2003 og 27.4.2006).
 
20.2.2009 bed Norsk Målungdom om at NSB går bort frå sin nye praksis med automatiserte røyster som les opp stasjonsnamna på bokmål. Norsk Målungdom meiner at NSB på denne måten er med og vatnar ut stadnamntradisjonen. NSB svarer at dei ikkje vil endre på dette.
 

All verdas språk

20. februar 1868 blir Pempeu Fabra fødd i Grácia, i dag ein bydel i Barcelona. Han var utdanna som ingeniør og arbeidde frå 1890-åra målretta med å fremje katalansk.
I ei rekkje skrifter frå 1904 systematiserer og normerer han rettskriving, grammatikk og ordtilfang. Gramática de la lengua catalana frå 1912 blir straks eit standardverk, og i 1932 gir han ut det største arbeidet sitt, Diccionari general de la llengua catalana. Han blir fengsla i 1934 og emigrerer til Frankrike i 1939, der han døyr 25. desember 1948.
Utover på 1700- og 1800-talet har spanske styresmakter sett i verk jamt fleire tiltak som fremjar bruken av spansk. Det blir forbode å undervise i katalansk, og det blir innført sanksjonar mot personar som nektar å bruke kastiljansk. Denne politikken blir mjuka opp under den andre spanske republikken frå 1931, men etter den spanske borgarkrigen innfører general Francisco Franco i 1940 totalforbod mot bruk av katalansk. Dette forbodet blir det lempa på utover i 1950- og 1960-åra, men først med ei ny grunnlov av 27. desember 1978 kjem Fabras arbeid til sin rett att.
På få tiår byggjer Katalonia opp ein systematisk tospråkspolitikk der spansk og katalansk alltid står side om side i det offentlege rommet. I Spania har om lag 9 millionar menneske katalansk som førstespråk, medan spansk er førstespråk for vel 31 millionar menneske.  
Sist oppdatert: 27.01.2014