Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


21.2.1990 blir Bokmålsforbundet skipa i Bergen av Steinar Øksengård, som også er dagleg leiar. Målet er å gjere moderat bokmål til einaste skriftspråket i landet.

21.2.2015 publiserer Aasentunet.no skriftet Skjønnlitterære debutantar på nynorsk og dialekt 1846–2014 av Ottar Grepstad. Skriftet dokumenterer 1262 debutantar.

All verdas språk

21. februar 1952 organiserer ei gruppe studentar i Dhaka i Aust-Bengal (Aust-Pakistan frå 1956, Bangladesh frå 1971) ein demonstrasjon til støtte for kravet om at bengali skal vere offisielt språk i Pakistan i tillegg til urdu.
Fem dagar tidlegare har politikaren Sheikh Mujib gått til sveltestreik for det same kravet. Politiet opnar eld mot studentane, og minst fire av dei blir drepne. Aksjonen for bengali spreier seg til heile Aust-Bengal. I ettertid beklagar styresmaktene hendinga og gir bengali status som eit nasjonalt språk.
Like etter blir eit provisorisk minnesmerke, Shaheed Minar, reist i Dhaka. Dette riv politiet og hæren raskt ned. Eit nytt monument blir reist i 1954 og fornya i 1963. Dagen blir frå no av markert som Language Movement Day. Language Movement Museum blir opna i Dhaka i 1989. Den 25. august 2010 bed Høgsterett styresmaktene byggje eit museum og eit bibliotek der språkopprørarane blei drepne i 1952.
Den 17. november 1999 vedtek Unesco å gjere dette til Den internasjonale morsmålsdagen, som blir markert første gongen i 2000. No har minst 175 statar reglar om språk i grunnlovene sine.
Sist oppdatert: 05.01.2016