Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

22.2.1901 går Gaulardølen på Svorkmo formelt over til å bli redigert på nynorsk. Avisa blei skipa i 1898, har brukt ein del nynorsk før og blir no i praksis redigert tospråkleg. Siste nummeret kjem 15.2.1902.

22.2.1990 vedtek Odelstinget i ny lov om stadnamn at boksmålsrettskrivinga skal vere ein del av normeringsgrunnlaget ved sida av nynorsk og at skrivemåten skal ta utgangspunkt i nedervd lokal uttale (sjå 8.2.192931.5.195717.12.2004).

22.2.2005 fastset Kultur- og kyrkjedepartementet at systemet med hovud- og sideformer skal haldast oppe for nynorsk, medan ein ny rettskrivingsnormal for bokmål, der dette skiljet er oppheva, skal gjelde frå 1.7.2005. 

22.2.2010 legg Språkrådet fram Språkstatus 2010. Det er første gongen institusjonen lagar ein slik samla dokumentasjon om språksituasjonen i Noreg. Arbeidet blir utført på oppdrag frå Kulturdepartementet, og på grunnlag av slike årlege statusrapportar skal departementet kvart fjerde år leggje fram ei stortingsmelding om språk i Noreg (sjå 27.1.201027.1.2010).

All verdas språk

22. februar 1635 skipar kardinal Richelieu L’Académie française for å styrkje fransk språk, etter mønster av det italienske Accademia della Crusca.

Akademiet blir avvikla under den franske revolusjonen i 1792 og erstatta med Institut de France året etter, men Napleon Bonaparte reorganiserer akademiet i 1803. I 1866 bestemmer akademiet seg for å stoppe all diskusjon om opphavet til språk, då medlemene meiner det ikkje kjem noko ut av dette.

Den 6. februar 1639 tek akademiet tek til på arbeidet med ordboka Dictionnaire de la Langue Françoyse. Den første komplette utgåva kjem i 1694, og den åttande utgåva frå 1935 inneheld om lag 35 000 oppslagsord. Ei niande utgåve har vore i arbeid sidan 1986, men akademiet har berre rådgivande mynde over så vel rettskriving som grammatikk.

Akademiet har 40 medlemer som alle sit der så lenge dei lever. Det er høve til å søkje om plass i akademiet, men det er akademiet sjølv som vel nye medlemer når plassar blir ledige. I 1999 får akademiet sin første kvinnelege genralsekretær med Helene Carrere d’Enausse.

Ei av oppgåvene er å hindre anglifisering av fransk, og sidan 1975 har ord som le cocktail stått på ei «forbodsliste». Kulturministeriet la i august 2006 e-mail til lista, utan hell. Akademiet protesterte då det i 2008 var på tale å lovfeste språklege rettar for regionale språk i Frankrike.

Blant dei mange prisane akademiet deler ut, er dei to viktigaste «Grand Prix du Roman» som er blitt delt ut sidan 1918, og «Grand prix de la francophonie», som har vore delt ut sidan 1986.

Sist oppdatert: 22.02.2018