Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

23.2.1942 tek Nasjonal Samling over Noregs Ungdomslag ved å leggje organisasjonen inn under Kultur- og folkeopplysningsdepartementet og setje inn nytt styre. Som svar blir Sivleringen skipa.

23.2.1999 legg Ottar Grepstad fram for Det Norske Samlaget det første notatet om eit allment digitalt leksikon på nynorsk, etter samtalar med Audun Heskestad og Sverre Tusvik. Det Norske Samlaget har til då omtalt eit slikt mogleg prosjekt i sine søknader om statstilskot sidan tidleg i 1990-åra. Frå no av tek begge institusjonane prosjektet med i sine søknader om statstilskot (sjå 20.8.2001, 8.11.2001, 1.7.2002, 31.3.2005, 10.11.2005, 13.12.2005, 19.12.2006, 20.4.2007, 20.8.2008, 19.2.2009, 2.6.2010).

All verdas språk

23. februar 1965 fortel Stanley Kubrick i ei pressemelding at han skal lage filmen Journey Beyond The Stars med eit manuskript han skriv saman med Arthur C. Clarke, til dels bygd over Clark-novella «The Sentinel» frå 1948.

Eit par månader seinare bestemmer Kubrick seg for tittelen 2001: A Space Odyssey. Filmen får verdspremiere i Washington D.C. 2. april 1968. Blant mange høgteknologiske element i filmen er også ein datamaskin for talesyntese.

I 1962 hadde fysikaren John Larry Kelly jr. ved Bell Labs. i New Jersey forma talesyntese ved hjelp av ein IBM 704-datamaskin, utvikla i 1954. Til dette eksperimentet brukte Kelly den engelske songen «Daisy Bell”. Ved eit slumpetreff vitja Clarke Bell-laboratoriet då Kelly demonstrerte oppfinninga si. Det gjorde så sterkt inntrykk på Clarke at han tok talesyntesen med i manuskriptet til filmen.

I sluttscena syng difor HAL 9000-datamaskinen «Daisy Bell» som godnattsong til seg sjølv. Namnet HAL er skrive i eit gamalt kodespråk brukt av Julius Cæsar og difor kalla Cæsars kode. Alle bokstavane blir skrivne med eit visst tal steg bakover eller framover i alfabetet.

Sist oppdatert: 22.02.2018