Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


25.2.1843 blir omsetjar av Luthers katekisme, Alf Baartvedt, fødd i Fusa.

25.2.1864 blir utgivaren av tidsskriftet Nora, Olav Schartun, fødd.
 
25.2.1922 blir redaktør, forfattar og folkehøgskulerektor Ivar Grimstad fødd på Hareid.
 

All verdas språk

25. februar 1981 dreg representantar frå Tromsø Museum på si første synfaring i anleggsområdet for utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget i Finnmark.

Nokre dagar før har ekspedisjonssjefen i Kyrkje- og undervisningsdepartementet tipsa museet om at dei med kulturminnelova i handa bør gjere krav på å få undersøkje området. Like sidan den første planen blei lagd fram i 1968, har det stått strid om utbygginga. Striden når sitt klimaks då demonstrantar sperrar anleggsvegen nokre dagar før anleggsarbeidet skal ta til i januar 1981.

Altaaksjonen. Foto: Riksarkivet, CC BY 2.0

Altaaksjonen, folkeaksjonen mot Altautbygginga. Foto: Riksarkivet, Flickr.com (arkivreferanse: Riksarkivet, Kripos_Uc2_108). Ingen kjende restriksjonar / falle i det fri.

Styresmaktene svarar med ein tung politiaksjon, samar går til sveltestreik, konflikten låser seg. Det er då ekspedisjonssjefen ringer, etter avtale med statsråd Einar Førde.

Undersøkingane varer i fleire år og gir partane det pusterommet som trengst. Då Alta kraftverk opnar i 1987, ligg det alt føre fleire offentlege utgreiingar om samerettar og nødvendig politikk for urfolksspråk og -kultur. Stortinget vedtek 12. juni 1987 å opprette Sametinget i Karasjok. Vel 4100 røystar ved det første valet, og kong Olav 5. opnar Sametinget 9. oktober 1989.


Kong Olav opnar i Sametinget i Karasjok 9. oktober 1989. Foto: Harry Johansen Sametinget
CC BY 2.0
Kong Olav opnar Sametinget i Karasjok 9. oktober 1989. Foto: Harry Johansen, kjelde: Sámediggi Sametinget på Flickr.com CC BY 2.0.

Det nye Sametinget, opna 2. november 2000 og er teikna av sivilarkitektane Stein Halvorsen og Christian Sundby. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Det nye Sametinget, opna 2. november 2000 og er teikna av sivilarkitektane Stein Halvorsen og Christian Sundby. Foto: Audhild Gregoriusdotter Rotevatn

Den 110 meter høge betongdemninga blir dermed eit monument over ein siger som den norske staten tapte, og eit nederlag som samane vann. 

Altadammen. Foto: Statkraft. CC BY 2.0
Altadammen. Foto: Statkraft. CC BY 2.0
Sist oppdatert: 23.02.2018