Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


26.2.2005 blir Odd Nordstoga kåra til ”Årets mannlige artist” og ”Årets spellemann” under den årlege Spellemannpris-utdelinga i Oslo (sjå 19.4.2004).
 

All verdas språk

26. februar 2009 legg den republikanske politikaren Steve King frå Iowa fram forslag i Representanthuset i USA om at engelsk skal vere «the official language of the Government of the United States, and for other purposes». Den 11. februar har han føreslått at engelsk skal vere det offisielle språket i USA, og i åra som følgjer, fremjar han liknande forslag. Framlegga blir ikkje vedtekne. 

Foto: Li Tsin Soon, CC By 2.0
Foto: Li Tsin Soon, CC By 2.0 

Andre har prøvt det same før. Kongresspolitikaren Washington J. McCormick vil forsterke skiljet mellom engelsk og amerikansk og føreslår i 1923 at amerikansk skal vere nasjonalspråk i USA. Den 18. mai 2006 og 6. juni 2007 røystar Senatet ned to nokså like framlegg om engelsk som «common and unifying language». 

Den amerikanske grunnlova av 21. juni 1778 er skriven på engelsk, men seier ikkje noko om språk. Ein meinte det ville vere i strid med fridomsprinsippa i grunnlova å innføre eitt offisielt språk. Likevel blei eit framlegg om engelsk som offisielt språk fremja i 1780. På den tida var minst 20 språk i bruk i dei amerikanske koloniane, og fleirtalet i den lovgivande forsamlinga meinte at det ville vere udemokratisk overfor innvandrarane å innføre eit offisielt språk.

Difor har USA aldri hatt noko offisielt språk, men engelsk har vore det i praksis. Mange urfolksspråk er blitt pressa ut, og utviklinga har gått i retning av det eine språket. I 1750-åra var vegar i Pennsylvania skilta på tysk og engelsk av omsn til dei mange tyske immigrantane. Etter Den første verdskrigen er det jamt slutt med å ta omsyn til det tyske i USA. I ein periode blir jamvel bøker på tysk fjerna frå biblioteka.

Utover på 1800-talet pregar ein tospråkleg praksis engelsk-fransk statar som Louisiana, og engelsk-spansk statar som Mexico. Mot slutten av hundreåret blir det meir English only, til dømes i Wisconsin og Illinois. President Theodor Roosevelt konstaterer i 1907: «We have room for but one language in this country, and that is the English language.” I over halvparten av delstatane er engelsk det einaste offisielle språket på 2000-talet.

Engelsk har breidd seg gjennom økonomisk makt, militær og politisk okkupasjon og gjennom kulturindustrien, men er under aukande press i eit av sine heimland. Særleg aukar bruken av spansk i USA, men enno taler åtte av ti innbyggjarar berre engelsk heime.

Lover og andre viktige dokument kan kvar einaste innbyggjar krevje på kva språk som helst. I California er det såleis mogleg å ta bilsertifikat på 32 språk. Til gjengjeld er amerikansk – ikkje engelsk – offisielt språk i staten Illinois.

Første sida i grunnlova i USA fro 1778. Foto: Senatet. CC BY 2.0
Første sida i grunnlova i USA fro 1778. Foto: Senatet. CC BY 2.0
Sist oppdatert: 26.02.2019