Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


27.2.1914 blir Landsbanken skipa i Bergen med Cornelius B. Bugge som første styreformannen, med landsmål som forretningsspråk og ein aksjekapital på 600 000 kr (sjå 15.8.1914).
 

All verdas språk

27. februar 1814 blir misjonæren, læraren og språkforskaren Samuel Petrus Kleinschmidt fødd i Alluitsoq (Lichtenau) på Grønland. Han er rekna som grunnleggjaren av skriftspråket kalaallisut.
Foto: Nick Russill flickr.com CC BY 2.0
Foto: Nick Russill flickr.com CC BY 2.0

Hovudverket hans er Grammatik der grönländischen Sprache mit theilweisem Einschluss des Labradordialects, fullført i 1846 og utgitt i Berlin 1851. Kleinschmidt tek i 1856 til å omsetje Bibelen til kalaallisut, men får ikkje fullført dette arbeidet. Med sitt motto «Af tilbøjelighed er jeg grønlandsk» fremjar han grønlandsk språk og kultur på fleire vis, mellom anna som medutgivar av den første grønlandske avisa Atuagagdliutit (Grønlandsposten) frå 1861.
I 1871 gir han saman med Vittus Steenhold ut Den grønlandske ordbog. Den rettskrivinga han etablerer for kalaallisut, gjeld til 1973.
Kleinschmidt døyr 8. februar 1886.
Sist oppdatert: 27.02.2014