Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

28.2.1842 vedtek Vitskapsselskapet å gi Ivar Aasen eit årleg stipend på 120 spesidalar i to år, i første omgang for å studere ”Bergens Stifts Dialekter” (sjå 26.8.1842 og 11.11.1847).

28.2.1909 held stortingsrepresentant Lasse Trædal (V) frå Nordre Bergenhus amt (Sogn og Fjordane) eit innlegg i Stortinget om løner for statsrådar. Stortingsreferentane skriv ut innlegget på dansk-norsk, men Trædal rettar det til landsmål. Frå då av rettar han seg sjølv til landsmål i alle referata frå debattane i Stortinget.

28.2.1930 handsamar Stortinget i plenum spørsmålet om bynamnet Trondheim, etter to tidlegare rundar i Odelstinget og Lagtinget. No trengst 2/3 fleirtal, men odelstingsvedtaket blir vedteke med berre 75 mot 74 røyster. Byen blir dermed heitande Nidaros (sjå 5.2.1930, 10.2.1930, 18.2.1930 og 6.3.1931).

28.2.1980 vedtek Odelstinget samrøystes ny lov om målbruk i offentleg teneste (sjå 26.5.1930og 11.3.1988).

All verdas språk

28. februar 2009 døyr Viktor Berthold. Han er rekna som den siste med livisk som morsmål, men enno snakkar nokre livisk ved å ha lært det på anna vis.

Livisk er eit finsk-ugrisk språk i Latvia. Livarane er det første folkeslaget som buset seg i Latvia. Dit kjem dei om lag 3000 f.Kr. Med tida er dei å finne over heile Latvia, men dei blir jamleg utsette for forfølgingar. Ein stor pest tidleg på 1700-talet og den store nordiske krigen 1756–63 blir svært øydeleggjande. Ved inngangen til 1900-talet er berre 3000 livarar att. Den første verdskrigen gjer eit nytt innhogg, og berre halvparten overlever. Første gongen livisk er brukt på trykk, er i ei omsetjing av Matteusevangeliet i 1863.

På slutten av 1900-talet har truleg mindre enn ti menneske livisk som morsmål. Det må no reknast som eit språk som er ute av bruk.

Sist oppdatert: 21.02.2019