Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

29.2.1996 vedtek Volda kommunestyre med 18 mot 15 røyster etter to prøverøystingar å løyve dei planlagde midlane til bygging av Aasen-tunet. Arbeidarpartiet er einaste partiet som røystar samla mot (sjå 4.3.1996).

29.2.2008 takkar redaktør Tove Lie i Nationen ja til å bli ny forlagsdirektør i Det Norske Samlaget etter Nina Refseth. Lie tek til i stillinga 1.9.2008.

29.2.2016 publiserer Nynorsk kultursentrum Det rause museet. Prosjektplan for Vinje-senteret som grunnlag for å etablere ei ny driftsavdeling om dikting og journalistikk i Vinje. Same dagen blir nettstaden Vinjesenteret.no opna. Nytt opplag av prosjektplanen ligg føre 14.6.2016. 

 

All verdas språk

29. februar 2004 får den tredje filmen i trilogien The Lord of the Rings 11 Oscar-statuettar, mellom anna for beste film og beste regi.

Regissør Peter Jackson har bygt filmane på bøkene av den engelske forfattaren J.R.R. Tolkien. Til liks med The Hobbit er hendingane lagde til universet Middle-earth med fleire fiktive språk. Band 1 kom ut 29. juli 1954, og band 3 kjem ut 20. oktober 1955. I filmane blir dei to alvespråka quenya og sindarin brukte som Tolkien laga for The Lord of the Rings. Filmane tilfører også andre kvalitetar – som avslutningssongen «Into the west» i den siste filmen.

Peter Jackson følgjer i 2012–14 opp med ein filmtrilogi om The Hobbit: An Unexpected Journey, The Desolation of Smaug, og There and Back Again. Den første av dei har verdspremiere i New Zealand 28. november 2012. Den tredje og siste filmen blir første gongen vist i London 1. desember 2014.

 
 
 



Sist oppdatert: 29.05.2017