Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

3.2.1925 er utkastet til Nynorsk Salmebok ferdig med 711 salmar. Peter Hognestad, Anders Hovden og Bernt Støylen har arbeidd med boka sidan 1921 etter initiativ frå styret i Det Norske Samlaget. Boka er ferdig trykt i juni (sjå 10.2.1921).
 
3.2.2011 går Tove Lie av som forlagsdirektør i Samlaget. Tom Skovdahl blir konstituert i stillinga (sjå 29.2.2008 og 1.11.2011).  23. 6. 2011 vert Edmund Austigard tilsett som ny forlagsdirektør.
3.2.2016 leverer trykkjeriet band XII av Norsk Ordbok, u–åværig, til Det Norske Samlaget. Hovudredaktørar er Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Lars S. Vikør og Dagfinn Worren. Bandet er redigert av Olaf Almenningen, Anneke Askeland, Sturla Berg-Olsen, Eli Johanne Ellingsve, Anne Engø, Oddrun Grønvik, Helge Gundersen, Kjetil Gundersen, Hege Fjeldseth Hjellum, Tor Erik Jenstad, Helene Udland Karlsen, Knut E. Karlsen, Astrid Nilsen-Nygaard, Børge Nordbø, Toril Opsahl, Solveig Helene Rekdal, Ålov Synnøve Runde, Dagfinn Rødningen, Kari-Anne Selvik, Kåre Skadberg, Terje Svardal, Ellen Hellebostad Toft, Lars S. Vikør, Åse Wetås, Gunnhild Wiggen, Solveig Wikstrøm, Dagfinn Worren, Ingjerd Lægreid Ødemark, Leiv Inge Aa, Gunhild Aamodt.

All verdas språk

3. februar 1830 signerer representantar for Storbritannia, Frankrike og Russland den andre av tre London-protokollar. Den første blei signert 22. mars 1829, den tredje 30. august 1832.
Denne andre protokollen slår fast at Hellas skal vere eit sjølvstendig kongedøme. I den nye staten blir nygresk det einaste offisielle språket. Greske styresmakter ser på alle innbyggjarar som grekarar i den forstand at ingen språklege minoritetar er aksepterte. Dette kjem også til uttrykk i ei ny grunnlov Hellas innfører 11. februar 1911. Der heiter det i § 107 at «det offisielle statsspråket er det som er brukt i Grunnlova og i den greske lovgivinga. Alt som tek sikte på å øydeleggje dette språket, er forbode».
 
Gresk har vore i bruk i minst 3500 år og var lenge eit lingua franca kring Middelhavet. Med erobringane til Aleksander den store på 300-talet f.Kr. spreier språket seg austover til grenselandet mellom India og Kina, sørover i Egypt og vestover langs Middelhavet. I Romarriket blir gresk verande det dominerande språket i aust, og språket pregar sterkt kulturen til romarane. Gjennom middelalderen blir gresk gradvis avgrensa til sitt eige geografiske utgangspunkt og som kyrkjespråk for ortodokse kristne.
 
I den nye staten Hellas er det på 1800- og 1900-talet strid om språket skal førast vidare på grunnlag av gamalgresk, kalla katharevousa, ‘reint språk’, eller ei nygresk form kalla dimotiki, ‘folkespråket’. Etter opprør i Aten mot dimotiki i 1901 og 1903 fryktar styresmaktene at tilhengjarane av nygresk skal vinne fram. Difor får grunnlova det nemnde tillegget i 1911. Gamalgresk er offisielt språk til 30. april 1976. Då slår styresmaktene i ei ny lov på gamalgresk at nygresk skal vere det offisielle språket i Hellas. Det er dette språket dei fleste grekarane har brukt i hundreåret før.
Sist oppdatert: 23.03.2017