Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

4.2.1906 kl. 17.00 opnar eit målmannsstemne med 131 utsendingar frå 55 lag og organisasjonar i Turnhallen i Kristiania (sjå 5.2.1906).
 
4.2.2006 feirar Noregs Mållag hundre år med konge og kronprins til stades ved jubileumsfest på Det Norske Teatret, der statsråd Trond Giske held festtalen. Mottoet for jubileet er ”Mange røyster – felles mål”.
 
 

All verdas språk

4. februar 2004 lanserer den 19 år gamle amerikanske Harvard-studenten Mark Zuckerberg Facebook etter at han 28. oktober 2003 laga ein prøveversjon kalla Facemash.

I første omgang er systemet opent berre for studentar ved Harvard. Det blir raskt utvida til fleire universitetsmiljø, og frå 26. september 2006 kan alle over 13 år med gyldig e-postadresse opne eigen brukarkonto. Facebook blir eit effektivt sosialt nettverk på Internett og ein pengemaskin for eigarselskapet Facebook, Inc. som blei skipa sommaren 2004. 

Allkunne er på Facebook:

Post på Allkunne si Facebook-side 4. februar 2014. Allkunne på Facebook: www.facebook.com/allkunne

Den 4. oktober 2012 passerer Facebook ein milliard aktive brukarar per månad på eit ukjent tal språk. Dette stig til nær 1,6 milliardar ved utgangen av juni 2016 og vidare til 2,2 milliardar i januar 2018.

52 prosent av Facebook-meldingane er på engelsk i 2010, og 50 prosent av Twitter-meldingane. For utviklinga på Facebook er tala usikre, men på Twitter fell bruken av engelsk redusert til 34 prosent berre fire år seinare. I 2016 ligg menyane i Facebook føre på over hundre språk, mellom dei nynorsk og bokmål.

Dei digitale media er i ein svært tidleg utviklingsfase, og ein kunne ha venta at dei største verdsspråka ville dominere Facebook og andre format meir enn dei faktisk gjer, få tiår etter at Internett blei teke i bruk, og lenge før folk i verda har allmenn tilgang til digitale medium.

Den 2. juni 2016 melder Facebook at ei ny teneste kalla Deep Text er under utvikling. Denne er ein del av Facebook si satsing på å skape kunstig intelligens og skal lære brukarane innhald og samanheng på 20 språk. Fleire nye Facebook-funksjonar blir jamleg utvikla, og ved utgangen av 2016 er berre Google og YouTube meir brukte nettenester enn Facebook. I sum forsterkar dette den vestlege kulturindustriens dominans, symbolsk og reelt uttrykt ved at Facebook gjer det amerikanske grunnordet like til sitt berande element.

Sist oppdatert: 22.02.2019