Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

5.2.1906 mellom 01.00 og 02.00 blir Noregs Mållag skipa etter vedtak på målmannsstemnet som tok til dagen før, og Marius Hægstad blir vald som første formannen. Skipinga skjer dagen før Venstre samlar seg til landsmøte.

5.2.1930 vedtek Odelstinget med 57 mot 55 røyster at Nidaros likevel skal heite Trondhjem (sjå 10.2.193018.2.193028.2.1930).

5.2.1981 er kronprins Harald og kronprinsesse Sonja til stades under 75-årsfeiringa til Noregs Mållag i Det Norske Teatret.

5.2.1999 blir Ottar Grepstad tilsett som direktør i Nynorsk kultursentrum. Han tek til i stillinga 5.7.1999.

5.2.2001 blir Stiftinga Pirion skipa av Noregs Mållag og LNK. Stiftinga skal gi ut eit blad for tilsette i barnehagar.

5.2.2006 arrangerer Noregs Mållag jubileumsseminar i Gamle festsal på Universitetet i Oslo. Sjølve hundreårsstunda blir feira på nattsete på Justisen i Oslo (sjå 5.2.1906).

All verdas språk

5. februar 1906 mellom kl. 01.00 og 02.00 vedtek eit målmannsstemne i Kristiania med 131 utsendingar frå 55 lag og organisasjonar å skipe Noregs Mållag. Marius Hægstad blir vald som første formannen.

Dette er andre gongen på få år at dei som vil fremje nynorsk skriftkultur, organiserer seg på nasjonalt nivå. Den 12. juli 1896 møttest 18 utsendingar frå sju lag til skipingsmøte for Noregs Ungdomslag i Trondheim og valde Peter Slotsvik til den første leiaren. Gjennom desse fylkeslaga var alt 8000 med i slike ungdomslag. Det første ungdomslaget blei skipa i Sel i Gudbrandsdalen i 1868. A.O. Vinje hadde invitert til eit første mållagsmøte i Kristiania 14. mars 1859, og fram til 1906 blei det skipa 76 slike lokale mållag. 

I januar 1906 gjekk det ut innkalling frå Norsk Målkontor i Kristiania til eit såkalla målmannsstemne for heile landet i hovudstaden 3. og 4. februar. Innkallinga var signert av 35 stortingsrepresentantar frå Venstre, Moderate Venstre og Arbeidarpartiet og 19 andre profilerte personar. Denne februarnatta vedtok utsendingane at den eine skriftlege prøva til examen artium skulle vere på nynorsk, som dei skreiv, og at alle embetskandidatar skulle avleggje prøve i nynorsk.

No var dei så godt i gang at redaktør Johs. Lavik i Gula Tidend gjorde framlegg om at dei også skipa Norigs Maallag. Dei så gjorde, og dei valde Marius Hægstad til formann. Frå no av hadde arbeidet for det nye skriftspråket klare avsendarar og mottakarar.

Sist oppdatert: 05.02.2018