Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

6.2.1854 framfører Det norske Theater I Marknaden av Ivar Aasen. Dette er det første scenestykket på landsmål, forma som ein samtale mellom ein trønder, ein austlending og ein vestlending.

6.2.1901 fastset regjeringa Steen den første offisielle rettskrivinga for landsmål, den såkalla Hægstad-normalen. Den såkalla midlandsnormalen blir innført som sideform for skuleelevane.

6.2.2015 er det norsk premiere på den dansk-svenske animasjonsfilmen Reisa til Fjørkongens Rike regissert av danske Esben Toft Jacobsen. I Noreg er filmen dubba til nynorsk av distributøren KontxtFilm.

All verdas språk

6. februar 1993 blir Samefolkets dag, Sámi álbmotbeaivi, feira for første gong. Dette året er også FN sitt internasjonale år for urfolk.

Dagen er felles for alle samar i Noreg, Sverige, Finland og Russland og knytt til ei hending 6. februar 1917. Etter initiativ frå jordmora og aktivisten Elsa Laula Renberg møtest då over hundre nord- og sørsamar frå Sverige og Noreg for første gong til eit felles møte, i Trondheim. Den 3. desember 2003 kunngjer statsminister Kjell Magne Bondevik at Samefolkets dag frå 2004 er offisiell flaggdag i Noreg.


Foto: radioedit, flickr.com CC BY 2.0

Sameflagget. Foto: radioedit, Flickr.com CC BY-NC-SA 2.0.

Samisk blir no snakka i fire land, og det er ti eller elleve samiske språk. Minst tre av desse språka blir brukte i Noreg: nordsamisk, lulesamisk og sørsamisk. Kanskje meistrar 25 000 menneske nordsamisk, medan 400–500 meistrar lulesamisk og noko færre sørsamisk. På nokre tiår har norske styresmakter gått frå streng fornorsking og assimilering av samane til å fremje eigenutvikling av samiske språk og kulturtradisjonar med avgjerande innsats frå dei samiske miljøa sjølve.

I grunnskulen har om lag 900 elevar nordsamisk som førstespråk. Ni av ti av desse elevane bur i Finnmark.

Sist oppdatert: 06.02.2017