Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


7.2.2007 publiserer vekebladet Eva for første gong eit intervju på nynorsk. Intervjuobjektet er Venke Aarethun frå Sogndal, redaktør er Kirsten Offerdal.
 
 

All verdas språk

 
7. februar 2009 innfører Bolivia ei ny grunnlov etter at 61,4 prosent har røysta for grunnlova i ei folkerøysting 25. januar  
Etter lange tider med militærregime har Bolivia sidan 1982 vore eit land med parlamentarisk, demokratisk styre. Den nye grunnlova gjer Bolivia til det landet i verda som har flest offisielle språk – India har 23, Sør-Afrika 11. Guatemala representerer ei anna form for mangfald. Den 29. desember 1996 endar ein borgarkrig i Guatemala med ein fredsavtale som inneber at 23 språk skal kunne brukast i undervisninga i tillegg til spansk.
Spansk, quechua, aymara og 34 andre er alle saman offisielle språk i Bolivia. Styresmaktene i landet har gjort mykje for å auke lese- og skrivekunna i landet. Frå 1994 blir det gjennomført ei nasjonal utdanningsreform som tek mål av seg til å gi alle borna ei tospråkleg utdanning, og som inkluderer urfolksspråka. I 2008 blei landet ut frå Unesco-standarden erklært fritt for analfabetisme.
 
Sist oppdatert: 27.01.2014