Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

8.2.1854 blir det første scenestykket på landsmål, I Marknaden av Ivar Aasen, framført for stortingsrepresentantane på Det norske Theater i Christiania (sjå 6.2.1854).

8.2.1913 taler stortingspresident Jørgen Løvland på landsmål ved kongeparets middag for Stortinget på Slottet i Kristiania. Det er første gongen landsmål blir brukt av Stortinget andsynes Slottet (sjå 27.11.1909).

8.2.1922 blir for første gong ideen om eit målakademi nemnd på eit møte i Studentmållaget i Oslo (sjå 20.10.1928).

8.2.1926 blir Vestlandsbanken skipa i Bergen med Olav Vevle som første formannen. I føremålsparagrafen om å bruke landsmål i drifta heiter det at alle aksjonærane må vere samde for at den paragrafen skal kunne endrast (sjå 26.6.1926).

8.2.1929 fastset regjeringa Mowinckel at stadnamna på offisielle kart skal følgje rettskrivinga for nynorsk. Forskrifter kjem i kongeleg resolusjon av 28.4.1933 (sjå 31.5.195722.2.1990, 17.12.2004).

8.2.1996 kunngjer statsråd Åse Kleveland på Kulturdepartementets konferanse «En nasjonal arkitekturpolitikk» i Oslo at Sverre Fehn har fått i æresoppdrag å teikne Ivar Aasen-tunet (sjå 3.11.1990, 17.11.1995 og 22.6.2000).

8.2.2008 lanserer Stabburet ein ny reklamefilm for Grandiosa pizza med songtekst på nynorsk.

8.2.2012 presenterer Norsk kulturråd dei 51 første av 100 bidrag til det som blir kalla «Norges dokumentarv». Dette er ein del av UNESCO-programmet for verdsminne. Arkivet etter Ivar Aasen er blant dei 51 første bidraga. Om dette arkivet skriv Norsk kulturråd: «Arkivet dokumenterer arbeidet til en person med en viktig plass i norsk språkhistorie. Det blir også tillagt vekt at Ivar Aasen hadde en rolle utover det rent språklige, han var med og dannet grunnlaget for en norsk nasjonalitetsfølelse. Arkivet som helhet er en viktig kilde til norsk vitenskapshistorie, et nærmest komplett forskerarkiv fra ca. 1840 og framover.»

 

All verdas språk

8. februar 1724 skipar Peter den store Det russiske vitskapsakademiet etter mønster av Det franske akademiet. Nokre år før han har i 1708 innført fleire store endringar i russisk rettskriving.

Akademiet har ferdig ei russisk ordbok 1789–93 og gir ut ein russisk grammatikk i 1802. I det som blir det russiske riket, er Kiev sentrum frå 882, men både verdslege og kyrkjelege makthavarar etablerer seg i Moskva frå 1328.

Frå 1500-talet ekspanderer riket både austover og vestover, når Stillehavet i 1639 og tek kontroll over austre del av Polen i 1795. I herskartida til Katarina den store frå 1762 blir fransk eit prestisjespråk i Russland, og den posisjonen held språket lenge. Den russisk-ortodokse kyrkja bruker lenge det gamle kyrkjeslaviske språket og ulike lokale språk, men Peter den store og det seinare tsarveldet pressar inn russisk også der.

Russisk blir brukt i utdanning og forvaltning, men blir aldri eintydig populært i heile riket, og ved inngangen til det 21. hundreåret er russisk det einaste av dei store verdsspråka som taper terreng.

Sist oppdatert: 08.02.2018