Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

9.2.1909 blir skodespelar Rønnaug Alten fødd i Tromsø.

9.2.1919 blir høgskulerektor Per I. Myklebust fødd på Vartdal.

9.2.1951 blir forfattaren Dag Helleve fødd.

9.2.1951 kjem første nummeret av Sunnmøringen ut på Stranda med Gerhard Kjølås som redaktør etter at ei avis med same namnet kom ut 1946–49.

9.2.1963 blir jazzmusikaren Vigleik Storaas fødd i Bergen.

9.2.1970 blir musikaren Eldbjørg Raknes fødd i Midsund.

9.2.2016 blir Peter Hognestad-jubileet opna på Bryne. Nynorsk kultursentrum samordnar arbeidet for å feire biskopen som omsette altarboka til nynorsk i 1908, var hovudredaktør for den nynorske Bibelen 1916–1921 og ein av redaktørane for Nynorsk Salmebok i 1925. Jubileet blir avslutta med gudsteneste i Slottskapellet i Oslo 20.11.2016. 

All verdas språk

9. februar 1940 prentar bladet Women’s Wear Daily eit brev frå John W. Eckelberry i firmaet Du Pont.

Dette firmaet har 28. februar 1935 framstilt eit nytt kunststoff som dei har kalla nylon. Det første dei lagar med det nye stoffet, er ein tannkost i 1938. Det har gått rykte om at namnet er sett saman av dei to bynamna New York og London fordi to av forskarane var frå desse byane. Eckelberry avkreftar dette.

Ordet nylon tyder rett og slett ingen ting, skriv Eckelberry. To andre vanlege tekstilnamn var cotton og rayon, og Du Pont hadde difor bestemt seg for eit ord som enda på -on. Etter å ha forkasta mange ord som var for like ord som alt fanst i ordbøkene, blei namnet til slutt nylon.

Den første nylonstrømpa kjem i handelen 15. mai 1940.

Reklame for nylonstrømper, truleg frå 1955. Kredit: Tom Simpson, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Reklame for nylonstrømper, truleg frå 1955. Kredit: Tom Simpson, Flickr.com CC BY-NC-ND 2.0.

Sist oppdatert: 29.05.2017