Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

 
1.1.1885 syng kyrkjelyden i Lårdal kyrkje i Telemark Blix-salmar utan løyve (sjå 26.12.1884).
 
1.1.1925 skiftar Kristiania namn til Oslo (sjå 30.6.1924).
 
1.1.1930 skiftar Trondhjem namn til Nidaros (sjå 31.5.1929).
 
1.1.1931 tek lov om målbruk i offentleg teneste til å gjelde (sjå 2.6.1930). Lova slår fast at alle tilsette som er fødde etter 1.1.1905, har plikt til å bruke både nynorsk og bokmål i si skriftlege sakshandsaming.
 
1.1.1933 byrjar Vermeldinga for Vestlandet å bruke nynorsk i NRK, til sterke protestar.
 
1.1.1934 tek Olav Midttun til som riksprogramsjef i NRK; han blir avsett av Nasjonal Samling 28.9.1940.
 
1.1.1980 tek Sogn og Fjordane fylke og Førde kommune over drifta av Sogn og Fjordane Teater, med Anne Gullestad som første teatersjefen.
 
1.1.1997 set fire elevar ved Hamar katedralskule i gang den første underskriftsaksjonen på Internett mot obligatorisk skriftleg sidemålsundervisning. 2.7. har 1760 elevar skrive under.
 
1.1.2005 er Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa i drift ved Høgskulen i Volda med Anne Steinsvik Nordal som prosjektleiar, seinare dagleg leiar.
 

All verdas språk

1. januar 1660 tek den 26 år gamle engelske embetsmannen og parlamentsmedlemen Samuel Pepys i løynd til å skrive dagbok i stenografisk form.

Den første setninga lyder slik: “Blessed be God, at the end of the last year I was in very good health, without any sense of my old pain but upon taking of cold.” Pepys skriv i alt 3000 sider til han avsluttar dagboka i mai 1669. Då er synet blitt så dårleg at han berre kan halde fram ved å diktere til andre. Det ville vere å bryte løyndomen.

Bruken av stenografi er kjend like frå det gamle Hellas, der Xenophon skal ha skrive livsminna til Sokrates kalla Memorabilia med eit slikt system om lag 370 f.Kr. Romerske Marcus Tullius Tiro utvikla det første stenografisystemet for latin i 63 f.Kr., og Tironianae  var i bruk i meir enn tusen år. Tiro laga jamvel ei ordbok for denne skriftforma.

Den tidlegast registrerte bruken av ordet «stenografi» er hos Johannes Trithemius i traktaten Steganographia frå 1499. Ordet «stenografi» er sett saman av to greske ord til tydinga «trong skrift». Pepys bruker eit system utvikla av stenografen Thomas Shelton i 1626, og som mellom anna bygde på Tiros arbeid. Dagbøkene blir først trykte i 1825. 

Mange skriftsystem for slik snøggskrift blir utvikla i seinare hundreår, og teknikken blir etter kvart brukt i mange samanhengar, særleg lovgivande organ og rettsvesen. Stortinget innfører stenograferte referat i 1857; for drøftingane på Eidsvold og fram til 1857 ligg det berre føre  bearbeidde samandrag frå ordskifta. I 1836 gjer Ole Gabriel Ueland framlegg om at Stortinget skal gi ut Stortingstidende med offisielle referat. Først 14. februar 1857 gjer Stortinget det vedtaket som må til, og første nummeret av Storthingstidende kjem ut 2. mars 1857. Frå om lag 1980 blir stenograferte referat supplerte med lydopptak, og i 2009 tilset Stortinget sin første referent utan stenografi.

Den tyske Riksdagen innfører stenograferte referat i 1870, i Bulgaria kjem dei frå 1879 og i det engelske parlamentet frå 1909 etter at ulike former for referat har vore publiserte sidan 1732.

Sist oppdatert: 22.02.2019

FAKTA