Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

10.1.1891 kjem første nummeret av Orkdølen ut på Svorkmo med K.M. Elda som redaktør. Siste nummeret kjem 31.3.1914.

10.1.1919 kjem første nummeret av Unge Agder ut i Kristiansand med Einar Iveland som redaktør. Siste nummeret kjem 1.10.1940.

10.1.2008 blir Hauge/Tveitt-jubileet 2008 opna i Drammen Teater. Dobbeljubileet for Geirr Tveitt og Olav H. Hauge blir gjennomført med over 400 arrangement til ein samla kostnad av 7,4 mill. kr.

All verdas språk

10. januar 1961 kl. 17.00 gir språkforskaren og ordbokredaktøren Bernhard Beckmann grønt lys for å prente siste del av det 32. og siste bandet i Deutsches Wörterbuch.

Det heile kjem i gang etter eit initiativ frå forlaget Weidmannsche Buchhandlung i Frankfurt, som ønskjer eit ordboksverk med oppdatert informasjon om det tyske språket etter reformasjonen. Brørne Jacob og Wilhelm Grimm tok til på arbeidet i 1838. Første heftet, som dekkjer a – allgemein, låg føre 1. mai 1852, og første bandet kom i mars 1854.

Wilhelm Grimm døyr 16. desember 1859, og 20. september 1863 døyr Jacob Grimm midt i arbeidet med ordboksartikkelen «Frucht».

Andre fører arbeidet vidare. Det komplette verket inneheld om lag 320 000 oppslagsord og veg 84 kilo. Med eit kjeldeband i 1971 utgjer verket 34 824 sider.

Brørne Grimm gjer mykje meir enn å setje i gang det store ordbokverket. Mellom 1812 og 1858 samlar og gir dei ut seks utgåver av Kinder- und Hausmärchen, som til slutt inneheld 210 eventyr. 34 år gamle Jacob Grimm gir ut Deutsche Grammatik på 1116 sider i 1819, med ny og gjennomarbeidd utgåve i 1832. På denne tida er det jamføring som gjeld, så dette er ein grammatikk for dei germanske språka, ikkje berre tysk. I åra som følgjer, blir det skrive mange rammatikkar med Grimms som førebilete. Store, faglege ringverknader får også Jacob Grimms Geschichte der detschen Sprache på 1035 sider frå 1848, korrigert og midifisert i mange seinare historiske framstillingar. Endå er der meir, ikkje minst Deutsche Mythologie frå 1835, der Jacob Grimm skriv om tidleg germansk historie på 935 sider – med to nye utgåver i 1844 og 1854.  

Brüder Grimm-Museum blei opna i Kassel i 1959 og stengt i 2014. Året etter opnar Grimmwelt på 4000 m2 i same byen. 

Sist oppdatert: 26.02.2019