Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

11.1.1913 blir stortingspresident Aasulv Bryggesaa som den første stortingsrepresentanten referert på nynorsk i Forhandlinger i Stortinget.

11.1.1932 framfører kyrkje- og undervisningsminister Nils Trædal talen om rikets tilstand statsråd på vegner av regjeringa Kolstad, for første gong på nynorsk. Kvart år sidan den tid har det vore skikken at den yngste i regjeringa framfører denne talen i Stortinget, på nynorsk.

11.1.1935 kjem første nummeret av Vestlandsnytt ut i Fosnavåg med Olav Aurvoll som redaktør.

11.1.1997 blir Ivar Aasen-året 1996 avslutta med konsert i Grieghallen i Bergen (sjå 5.1.1996).

All verdas språk

11. januar 1951 vedtek parlamentet i Frankrike ei lov om undervisning i lokale språk og dialektar, loi Deixonne.

Føremålet er å fremje fransk, men lova opnar også for å undervise i regionspråka baskisk, bretonsk, oksitansk og katalansk. Korsikansk blir derimot ikkje nemnd i lova, og først i 1974 blir dette retta på formelt. Det varer ikkje lenge. Den 26. juni 1992 vedtek parlamentet i Korsika at korsikansk skal vere offisielt språk, men vedtaket blir forkasta av franske styresmakter.

Korsikansk var offisielt språk på Korsika til 1859, og så tok fransk over. Dei offentlege skulane gjer lite for tospråkleg undervisning i regionane, men den private organisasjonen Diwan driv etter kvart mange tospråklege skular. Den 31. desember 1975 blir lova erstatta av loi Bas-Lauriol, som vidare blir erstatta av loi Toubon 4. august 1994.

Sist oppdatert: 11.01.2018