Nynorsk kulturhistorie
12.2.1890 får Ivar Aasen i hende den samla utgåva av Det nye Testamentet på landsmål (sjå 1881, 1886, 1887, 1889).
All verdas språk
12. januar 1954 opnar kringkastingssjef Kaare Fostervoll prøvesendingar med fjernsyn i svart-kvitt i NRK. Dette året kjem dei første fargefjernsyna på marknaden i USA.
Kong Olav 5. opnar ordinære tv-sendingar frå NRK 20. august 1960. Det året sender NRK TV 800 timar. Med tida blir dette til 23 000 sendetimar i mange kanalar. Alt mot slutten av 1960-åra har tre av fire nordmenn tilgjenge til tv-apparat, men i 1967 er det enno berre ti tv-lisensar i heile Finnmark.
Krav om språkleg jamstilling har følgt NRK like sidan dei første radiosendingane i 1933. Lov om NRK av 24. juni 1933 slår fast at bokmål og nynorsk skal vere jamstilte i programtenesta. Då har Vêrmeldinga for Vestlandet sidan nyttår alt brukt nynorsk, til sterke protestar frå dei som meiner at liv og helse blir sett på spel fordi det er umogleg å forstå vêrmeldinga. Mange tiår seinare vedtek Odelstinget i 1995 at NRK skal ”fremme bruk og respekt for norsk språk og passe på at våre to offisielle målformer er representert med minst 25 pst. av ordsendingene i radio, fjernsyn og NRKs informasjonsvirksomhet”.
Stortinget vedtek 25. mai 1959 dei første retningslinjene for munnleg språk i NRK. Utover i 1970- og 1980-åra kjem desse normene under press då det blir jamt meir vanleg å snakke dialekt i alle samanhengar. Denne dialektbruken slår tidlegare gjennom i radio enn i tv.

Stove med fjernsyn anno 1968, heime hos Georg Hermansen. Foto: Stokmo Foto AS, kjelde: Perspektivet Museum, Flickr.com CC BY-NC-ND.