Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


13.1.2011 er det premiere for Olav H. Hauge-senteret i Ulvik med eit ope arrangement. Dette skal bli eit dokumentasjons- og formidlingssenter for Olav H. Hauge og lyrikk i alle former. Nynorsk kultursentrum skal utvikle og drive senteret (sjå 7.9.2000, 15.9.2009, 16.8.2010, 6.9.2010, 5.10.2010. 14.3.2011 og 4.9.2014).

All verdas språk

13. januar 1736 blir konfirmasjon påbode ved lov for alle born i kongeriket Danmark-Noreg. For at dei skal kunne bli konfirmerte, må dei kunne lese utvalde bibeltekstar.

Obligatorisk konfirmasjon var blitt innført med kyrkjeordinansen av 1537, ei praktisk-teologisk handbok. Lovfestinga i 1736 inneber at alle unge skal eksaminerast offentleg i kristen tru. Den som ikkje har møtt til konfirmasjon før fylte 19 år, kan bli straffa med tukthus eller gapestokk. Innbyggjarane må no ha konfirmasjonsattest for å gifte seg, gjere militærtjeneste eller vitne i retten.

Grunnlaget for det konfirmantane skal kunne, samlar hoffpresten Erik Pontoppidan som 759 forklaringar på bibelske tekstar i Sandhed til Gudfrygtighed . Med 250 utgåver og opplag berre i Noreg er dette den mest lesne boka i Noreg, utanom Bibelen.

Språket er nøkkelen: Den som skal bli konfirmert, må kunne lese. Difor blir det frå 1739 innført ei ordning med femårig skule for born over sju år. Frå 1912 er konfirmasjon frivillig.

Norske konfirmantar som blir konfirmert i Sverige under andre verdskrig. Gustav Wasa församlingssal i Stockholm, søndag 17. desember 1944. Presten er pastor Norborg. Kjelde: NTBs krigsarkiv, Arkivverkets digitale fotoarkiv CC BY (arkivref.: RA/PA-1209/Uc/67/1/S 5541).

Norske konfirmantar som blir konfirmert i Sverige under andre verdskrig. Gustav Wasa församlingssal i Stockholm, søndag 17. desember 1944. Presten er pastor Norborg. Kjelde: NTBs krigsarkiv, Arkivverkets digitale fotoarkiv CC BY (arkivref.: RA/PA-1209/Uc/67/1/S 5541).

Sist oppdatert: 23.01.2017