Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie

14.1.1901 blir prost Øystein Hovden fødd i Borre.

14.1.1925 blir filosofen Ingemund Olav Gullvåg fødd.
 
14.1.1945 blir skodespelar Britt Langli fødd i Trondheim.
 
14.1.1951 blir museumsdirektør Aslaug Nesje Bjørlo fødd.

14.1.2018 legg Framstegspartiet, Høgre og Venstre fram den såkalla Jeløyplattforma for ei ny regjering der Venstre er med. Partia går mellom anna for å fremje ei ny språklov. 

All verdas språk

14. januar 1790 blir det lov å omsetje offisielle dokument i Frankrike til regionale språk. Den 2. oktober same året blir det derimot bestemt at slike dokument skal lesast på fransk ved gudstenesta søndagar.

I mellomalderen er Frankrike eit av dei europeiske landa som har flest innbyggjarar, og den politiske og kulturelle makta er spreidd. Difor blir mykje då skrive på regionale språk som picard, champenois og anglo-nordmand. Dei såkalla Strasbourg-eidane på gamalfransk frå 842 blir rekna som den første teksten på fransk, sjølv om skilnaden mellom gamalfransk og moderne fransk er større enn for tilsvarande tekstar i andre romanske språk.

I høgmellomalderen blir Paris den viktigaste byen, og ei sentralmakt er under oppbygging. Etter kvart blir talemålet i byen idealet for eit felles fransk språk. Dette blir jamt meir brukt i forvaltninga, og frå 1254 bruker kanselliet i Paris fransk og latin i dokumenta sine. I hundreåra som følgjer, blir Frankrike eit meir og meir språkleg sentralisert land, og den franske revolusjonen i 1789 styrkjer denne utviklinga.


Sist oppdatert: 18.02.2019