Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


15.1.1906 blir det halde eit rådleggingsmøte på Norsk Målkontor i Kristiania. Møtet konkluderer med å kalle inn til eit målmannsstemne for heile landet i Kristiania. Arne Garborg blir beden om å skrive invitasjonen.
 
15.1.1911 opnar Det norske Spellaget under leiing av Hulda Garborg den første turneen sin med framsyningane Ervingen av Ivar Aasen og Ei hugvending av Hallvard Hande på Furulund i Kirkenær. Turneen varer til midten av mars (sjå 3.1.1891, 2.3.1897, 18.11.1898, 10.3.1899, 27.10.1910, 15.1.1911, 22.11.19122.1.1913).
 
15.1.1914 søkjer Det Norske Teatret staten om 300 000 kr frå ei planlagd utviding av Pengelotteriet til nybygg i Kristiania (sjå 4.11.1916, 6.5.1985).


All verdas språk

15. januar 2001 blir den første artikkelen i det digitale nettleksikonet Wikipedia English publisert. Grunnleggjarane er dei to amerikanske ikt-entreprenørane Jimmy Wales og Larry Sanger.

Ordet wikipedia er ei samansetjing av det hawaiiske ordet wiki (rask) og encyclopedia. Ideen er å bruke eit opent publiseringsprogram til å publisere artiklar som kven som helst kan skrive og kven som helst kan redigere og oppdatere. Wikipedia er ei vidareutvikling av Nupedia, som blei lansert 9. mars 2000, men som aldri publiserte meir enn 24 artiklar. Sanger trekkjer seg ut av tiltaket alt i 2002. Det formelle ansvaret ligg hos Wikimedia Foundation, Inc. og er regulert av lovverket i Florida, USA.

Alt i mars 2001 kjem Wikipedia-utgåver på ei rekkje andre språk. I 2012 har leksikonet versjonar på 285 språk med til saman 22 millionar artiklar som blir oppdaterte av 77 000 skribentar. Wikipedia Svenska kjem 3. mai 2001, Wikipedia Dansk i februar 2002, Wikipedia Bokmål blir skipa 26. september 2001, Wikipedia Davvisámegiella (nordsamisk) 20. juli 2004 og Wikipedia Nynorsk kjem 31. juli 2004.

Med åra blir Wikipedia den mest brukte ikkje-kommersielle nettenesta i verda. I desember 2018 har leksikonet versjonar på 303 språk med til saman 49 millionar artiklar. Seks av ti bruker den engelske utgåva. 

Sist oppdatert: 22.02.2019