Hopp til innhold
Ottar Grepstad

Nynorsk kulturhistorie


16.1.1900 vedtek Stortinget samrøystes å be om om at namn på administrative einingar ”må verta umvølte på norsk eller umbytte med nasjonale namn, der dette trengst”. Framlegget kom frå Nils Skaar o. fl., og vedtaket fører til at departementet set ned ei nemnd (sjå 6.1.1908).
 
16.1.1906 prentar Den 17de Mai invitasjonen til målmannsstemnet, underskriven av 35 stortingsrepresentantar – 27 frå Venstre, 6 frå Moderate Venstre og 2 frå Arbeidarpartiet.
 
16.1.1973 er nynorskbrukaren Øyvind Holsvik den første mannlege programverten i NRK TV.
 

All verdas språk

16. januar 1935 blir den danske diktaren Inger Christensen fødd i Vejle.

Christensen debuterer med diktsamlinga Lys i 1962 og skriv med Det i 1969 den boka som i ettertid blir ståande som eit hovudverk i dansk modernisme, men som for henne også er ei avslutning av den tradisjonen. Som diktar på moderne dansk blir ho ein av dei fremste poetane i europeisk litteratur i andre halvdel av 1900-talet.

Gjennombrotet for eit breitt publikum får ho med samlinga Alfabet (1981). Den boka har ho komponert etter ei talrekkje som den italienske matematikaren Leonardo Fibonacci gjorde kjend tidleg på 1200-talet, men som den indiske matematikaren Pingala hadde oppdaga nær 500 f.Kr.

I boka Liber Abaci frå 1202 introduserte Fibonacci også dei arabiske tala for Europa. Fibonacci-talrekkja er ein formel for det uendelege ved at kvart nytt tal er summen av dei to førre: 1–3–5–8 osb. I si bok skreiv Christensen eit dikt til kvar bokstav: ei linje om a, to om b, tre om c, fem om d, åtte om e osb. Verket stoppar midt i alfabetet på bokstaven n, bokstaven som også kan stå for omgrepet «n’te gong» og dermed det som aldri tek slutt.

Inger Christensen døyr 2. januar 2009.


Sist oppdatert: 15.01.2018